Lokal | 28. okt. 2014

God drenering i Os

Osbygda tar, til no, fint imot dei store nedbørsmengdene. Sjå bildeserie av elv og hamn to timar før full flo.

God drenering i Os
Oselvo i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. okt. 2014 10:55

Bildeserie:

Tømmer ved Tøsdalsvatnet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tømmer ved Tøsdalsvatnet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Renna frå Svegatjørn til Ulvenvatnet er i bruk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Renna frå Svegatjørn til Ulvenvatnet er i bruk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hytta i sone 2 i Oselvo er fylt med vatn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hytta i sone 2 i Oselvo er fylt med vatn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vegetasjonen får også kjørt seg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vegetasjonen får også kjørt seg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På Bø ved Hatvikvegen er det førebels ikkje så stor dam. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På Bø ved Hatvikvegen er det førebels ikkje så stor dam. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Halen mellom beina to timar før full flo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Halen mellom beina to timar før full flo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6

Det har regna tett det siste døgnet og ulike vatn og elver i Os er langt høgare enn normalen.

– Vi har så langt ikkje hatt nokre oppdrag i samband med nedbørsmengdene, seier teknisk vakt i Os kommune, Robert Flister til Midtsiden tysdag formiddag.

Teknisk eining har førebudd seg godt og fått rydda vekk lauv og andre ting som kan sperra rister og avlaup.

Fare for jordskred

– Vi er førebudd på å hjelpa om det kjem fleire oppdrag samtidig, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Heller ikkje brannvesenet har fått meldingar om problem i samband med dei store vassmengdene.

– Men følg med på terrenget rundt deg. Ser du sprekker i bakken eller i asfalt er det verdt å varsla. Mange av bakkane i Os er nok meitta av vatn og vi får tett med meldingar frå NVE og frå Fylkesmannen, blant anna med beskjed om at det er fare for jordskred.

OPPDATERT: Brannvesenet var tysdag kveld på Drange, der ein utriggar frå ei flytebrygge låg på rek. Utriggaren blei festa til land.

Bølgjene står også høgt i Os hamn, sjølv om det er to timar til full flo. Det er meldt ekstra høg flo og sjøen skal vera på topp klokka 13:18 i dag.

Har du tips eller bilde? Send til Midtsiden på kjetil@midtsiden.no eller 90789270.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.