Næringsliv | 27. jan. 2011

God fangst i 2010

MS «Hargun» hadde eit godt år i 2010, MS «Røttingøy» sette ny rekord. Trass i reduserte kvoter ser ikkje 2011 så verst ut heller.

God fangst i 2010
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. jan. 2011 21:10

Verdien av det norske fisket passerte 13 milliardar kroner i fjor.

Norske båtar leverte ifølgje ssb.no 2,7 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel i 2010, noko som er 6 prosent meir enn året før.

Førstehandsverdien auka med 17 prosent, til 13,2 milliardar kroner.

I 2009 blei det stopp i fangsten av makrell, og eit restkvantum på 70 tusen tonn av kvota blei overført til 2010.

Derfor fekk vi på landsbasis nesten ei dobling av makrellfangsten frå 2009 til 2010.

Ny rekord for Røttingøy
Også for båtane frå Os har fangsten og prisane vore gode.

- Sidan vi fekk overføra det vi ikkje fiska i 2009 blei det eit ekstra bra år for oss i fjor, seier dagleg leiar i Dales Rederi AS, Astrid Dale.

- Overføringa gav oss 10 millionar kroner ekstra berre i makrell, så vi landa på ei omsetning på 47 millionar kroner, noko som er rekord for vår del,

Til samanlikning hadde selskapet 25 millionar kroner i driftsinntekter i 2009 og 33 millionar kroner i 2008.

Dale har tru på eit godt år også i 2011.

- Vi kjem nok ikkje opp på 2010-nivået, men framtidsutsiktene er gode.

40 prosent mindre sild
Hos MS «Hargun» er dei nøgd med fjoråret, men for 2011 ligg det an til langt lågare fangst.

- Vi har fått 40 prosent lågare kvote på NVG-sild i forhold til i fjor. Med nærmast freding av kolmule i tillegg blir det mindre for oss å fiska på, seier skipper Rune Garvik.

Hargun Havfiske AS hadde 45,5 millionar kroner i omsetning i 2009 og 49,7 millionar i 2008.

Medan Hargun si kvote på NVG-sild går ned frå 7000 til 4100 tonn går for eksempel kvota på nordsjøsild opp frå 490 til 580 tonn.

- Vi får håpa at prisane aukar når det blir mindre fisk i marknaden. Men ei prisauke vil nok ikkje åleine kompensera for reduserte kvoter, trur Garvik.

Vann 1 av 4 loddtrekninger
Det har vore fire loddtrekningar på kvoter før årets sesong. Røttingøy har ikkje blitt trekt ut i nokre av dei tre dei har vore aktuelle i, Hargun har fått éi av dei fire dei kunne fått; 900 tonn med vinterfiske etter islandslodde.

Dette fisket tok dei unna i årets første tur, 13. til 21. januar.

- Kolmule, for eksempel, fekk vi ikkje. Kolmule er nærmast freda, den samla norske kvota er så låg at den tilsvarar det Hargun fiska åleine på det beste, fortel Garvik.

Røttingøy har vore på to turar i år, og på desse tatt rundt 30 prosent på kvoten deira på NVG-silda.

I februar reiser både Hargun og Røttingøy til Barentshavet for å fiska lodde.

Fleire 2010-tal frå Statistisk Sentralbyrå:
• Den største delen av fangsten, 79 prosent, gjekk til konsum, medan 21 prosent gjekk til industri.
• Sildefangsten minka med 15 prosent frå 2009 til 2010, men utgjorde likevel 34 prosent av total fangstmengd. Fangstverdien for sild auka med 2 prosent, og utgjorde 21 prosent av total fangstverdi.
• Fangstmengda for torsk auka med 16 prosent. Førstehandsverdien auka med 4 prosent, til 2,9 milliardar kroner. Fangsten av torsk tilsvara 11 prosent av total fangstmengd og 25 prosent av total førstehandsverdi.
• Torskefangsten var dermed det viktigaste fisket når det gjeld verdi.
• Fangsten av kolmule minka med 14 prosent frå 2009 til 2010, og har ikkje vore så låg sidan tidleg på 1990-talet. Kolmulefangsten utgjorde berre 7 prosent av den totale fangstmengda og 3 prosent av den totale fangstverdien i 2010.
• Utanlandske fartøy leverte 296 tusen tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2010. Verdien av dei utanlandske landingane var 1,7 milliardar kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.