Fotball | 13. apr. 2014

God generalprøve

Os spelte uavgjort 2-2 mot Fana laurdag. – Spesielt 1. omgangen var veldig bra, seier Jørn Vegard Berge.

God generalprøve
Torkel Hjertnes var farleg frampå i 1. omgangen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 13. apr. 2014 12:18

Os avslutta oppkøyringa til sesongen med å ta imot 2. divisjonslaget Fana til treningskamp på Kuventræ laurdag.

Os tok tidleg leiinga 1-0, og burde nok ha leia minst 3-0 til pause ut frå sjansestatistikken. I staden utligna Fana til 1-1 rett før pause.

– Vi sleit litt med å koma i gang dei første fem-ti minutta, men etter det skaper vi veldig masse sjanser. Eg er einig med deg at vi fort kunne leia med tre til pause.

– Vi ligg fint saman som eit lag og utnyttar overgangane, analyserer Os-trenaren.

Ikkje tapt mot 2.divisjonslag

Kampen mot Fana var den tredje treningskampen mot eit lag frå 2. divisjon. Tidlegare i vinter har både Fyllingen og Stord stått på motsett banehalvdel utan å slå Os.

– Eg trur vi er veldig godt førebudd. Det har vore ein god vinter, men det blir noko anna å møte lag i 3. divisjon.

– Dei vil truleg legga seg litt meir bakpå enn det 2. divisjonslaga har gjort.

– Då blir det desto viktigare at vi er giftige på overganger og at gutane tør gå heilhjarta når dei går, fortel Berge.

Ser framgang

Berge fortel han ser framgang gjennom vinteren.

– Vi har blitt betre på masse, men har framleis ting å jobba med. Eg trur spelarane synest det er gøy på Kuventræ no.

– At vi spelte uavgjort mot Fana passa bra. Vi som trenarar er nøgd med at det ikkje blir for bra resultat før seriestart.

– No fekk vi ein god kamp, med godkjensle før ein tøff start på sesongen med heile fem kampar på seks dagar for Os 1 og Os 2.

Må vera på hugget kvar gang

Os-trenaren venter ein jamn 3. divisjon denne sesongen.

– Vi har hatt ein god vinter, men eg trur serien blir så jamn at vi skal ikkje sleppe oss mykje ned før vi taper kampane.

– Vi må vera på hugget i kvar einaste kamp. Det blir litt av jobben for oss i trenarapperatet å få inn.

Skal byggje overskot

Os starter borte mot Varegg 2. påskedag, før Vard Haugesund kjem til NM-kamp torsdag og lokaloppgjeret mot Lysekloster sparkast i gang sundag 27. april.

– Vi held trøkk på treningane fram til tysdag før spelarane får fire dager med eigentrening i påsken.

– Eg trur vi gjer lurt i å bygga opp overskot før neste veke, avsluttar Jørn Vegard Berge, som samlar spelarane igjen til trening 1. påskedag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.