Elin Brugvik frå Galleri Brudvik på Bryggen i Bergen er blant utstillarane på Oseanamarknaden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

God kunsthandel på Oseanamarknaden

Frå skulptur og dekor til tekstil og annan brukskunst er i utvalet på Oseanamarknaden.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Klokka 12 i dag opna Oseanamarknaden, der 13 kunsthandverkarar stiller ut i Oseanasalen.

– Handelen har vore veldig god til no, seier Elin Roti, som stiller ut med eigen design silketrykk på silke importert frå Kina.

Fargane lager ho òg sjølv. Silken er av ulik kvalitet med prisar frå 300 til 1050 kroner skjerf.

– Det er rammetrykk på silke, men det blir framleis kalla silketrykk, sjølv om den gamle silketrykk-metoden ikkje er vanleg lenger.

Frå Bryggen til Mobergsneset

Kunsthandverkarane byr på alt frå tekstil til keramikk. Ei anna Elin, Elin Brudvik frå Galleri Brudvik på Bryggen i Bergen, stiller ut med skulpturar, teikningar og brukskunst.

– Eg har nok mitt eige uttrykk, det går igjen frå teikningane til det tredimensjonale, seier Elin.

Arrangementet er akkompagnert av musikalske innslag, av Os skulekorps sine aspirantar og av Old Timers Bigband.

Frå klokka 12 til 14 har det òg vore action i vasskanten.

Midtsiden kjem tilbake med video og bildeserie frå Osbadet si hinderløype i Mobergsvikjo.

Oseanamarknaden held fram til klokka 18 i dag. Så startar bryggedansen framfor Os Sjøfront på nabotomta.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Nye Flesland

19. august 2017

Les om arkitekturen og kapasiteten - og se liste over de nye butikkene og restaurantene.

bilde-midtsiden

Frå Fana til Os

18. august 2017

Etter to sesongar i 2. divisjon har Skage Simonsen Lehland (19) blitt klar for Kuventræ.

bilde-midtsiden

Sommaren gjorde comeback!

18. august 2017

Fredag midt på dagen fekk vi ein forsmak på finvêret vi har i vente frå søndag og ut neste veke.

bilde-midtsiden

Framdrift på Lyssand

18. august 2017

Gatelys kan koma i oktober, men Hegglandsdalsvegen må utbetrast og flyttast før gangveg kan byggast.

bilde-midtsiden

– Vern om verdiane i hamna

18. august 2017

Natt til torsdag blei utstyr stole frå ein båt i Hatvik. – Dette er ei tid med høgare risiko for tjuveri, åtvarar politiet.