Kultur | 26. mai 2018

God opptakt til Torgfesten

Undercover varma opp til Torgfest på Øyro med familiekonsert. Her finn du det du treng vita før konserten laurdag kveld.

God opptakt til Torgfesten
Olav Skorpen, Jens Erik Aasmundseth og Eirik Søfteland varma opp til torgfesten med familiekonsert laurdag formiddag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 26. mai 2018 11:18

Etter at Søre Neset Ungdomslag hadde kuppa familiekonserten med flashmob, var den endeleg tid for Olav Skorpen, Jens Erik Aasmundseth og Eirik Søfteland til å innta scenen. Dei tre karane som til vanleg speler saman i Undercover opna med «Månemannen» før det blei «Grevling i taket».

– No er vi i gang og klare til i kveld, fortalde William Lindborg, medarrangør frå Os sentrumsforening.

– Det er eit par ting som det kan vera greitt for folk å vita. Inngangen til festivalområdet blir i år på hjørnet av Havnechefen mot torget.

– Det blir to skjenkeområder. Desse kan ein gå fritt mellom, men ein har ikkje lov til å ta med seg drikke frå det eine området til det andre. Havnechefen har førebudd street food som dei kjem til å selgje på begge områda, så folk treng altså ikkje å gå inn på havnechefen for å få seg ein matbit.

– Vi har også leigd inn godt med toaletter i tillegg til dei som er på Havnechefen og på Catten, seier Lindborg.

Programmet

Dørene til torgfesten opner klokka 17, før første band går på klokka 18.

– Det er all grunn til å vera tidleg ute. Vi har seld rundt 300 billettar på førehand, så her kjem det garantert til å bli liv. Billetter kan ein kjøpe på nettet eller i døra når ein kjem, avsluttar Lindborg.

Desse speler på torgfesten:

• Vivillain
• ORBO
• The Untouchabl(u)es
• Gina Aspenes og Undercover

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.