Laila Reiertsen set fokus på turisme i dette lesarinnlegget (foto: Andris Hamre)

God sommar!

Lesarinnlegg: Turister etterspør i stadig større grad kulturopplevningar når dei tar sine val av reisemål, skriv Laila Reiertsen.

Av: Andris Hamre

Eg og mange med meg er klare for sommarferie. Små og store er klare for opplevingar av sine feriedraumer. Enten det er i det store utland eller som me har sett i den siste tida, ferieopplevingar i vårt eige land. Og det er gledeleg.

I vår kommune Os må vi også rigga oss meir for turisme og reiseliv i framtida. Folk er meir enn noko sinne på jakt etter opplevingar. Og vi kan tilby nett dette då vi har ein natur som til tider kan ta pusten frå ein. Fjord og fjell, kulturlandskap, tradisjonsmat og handverk. Bunader, rosemåling og nasjonalbåten Oselvaren. Og det er nett dette turistane etterspør når dei vil feriere i Norge. Og då må vi ikkje vera smålåtne.

Turister etterspør i stadig større grad kulturopplevningar når dei tar sine val av reisemål. 

Berre i sommarsesongen i fjor la kulturturistane ikkje mindre enn ni milliardar kroner på overnattingar, restaurantbesøk ,reise og oppleving. Kan skjønna at me i Os og ønskjer nokre, og meir av desse kronene.

Dette igjen fører til meir verdiskaping. Sjå berre til Liv på øyro. Det har vore, og er ein suksess. Men Liv på øyro bør og bera frukter til liv i Os og innan turisme. Både det ein har fått på plass med næringslivet og sentrumsforeningen  samt mange andre samarbeidspartnarar viser at alt kan skje. 

Regjeringa satsar og fullt og heilt på kulturturisme. Dei har no oppretta eit Samarbeidsråd for kultur og reiseliv, nettopp for å auka satsinga på kulturturisme i vårt eige land. 

Men me kan gjera mykje saman utan å venta på Samarbeidsrådet sine konklusjonar. Ide mylder, tankar og kreativitet må få blomstra og innan reiseliv og turisme. Livet i Os kan by på so endeleg mykje meir.

Dette var litt drøs i frå ein som har vore ordførar ei veke.

Så  kjære Osingar! Kor enn de ferdas ,eller berre er heime, eg ønskjer dykk  alle ein god sommar. Eg for min del skal bruke ferien på flytting. Høyrest keisamt ut. Men i mitt høve er det ei stor gleda. 

Laila Reiertsen
Ordførar ut veka