Lokal | 02. feb. 2018

Gode råd: Os vgs

Val av utdanning: Kva spør elevane om - og kva bør dei veta?

Gode råd: Os vgs
Rådgjevarane Ingrid Lund Eide og Einar Nystad ved Os vgs. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. feb. 2018 08:29

Ved Os vidaregåand skule er det to rådgjevarar; Ingrid Lund Eide og Einar Nystad, med elevinspektør Harald Natvik som del av det rådgjevande teamet. Dei to har delt elevane mellom seg, med rundt 200 kvar, Ingrid har blant anna helse, allmenn påbygg og service, Einar har elevar på tekniske fag.

Skulen får besøk av representantar frå både høgskule og arbeidsgjevarar med lærlingplass. Rådgjevarane held foredrag i grupper og er tilgjengelege for individuelle samtalar.

– Er det noko som er nytt i år?

– Ja. Frå før var det lov med omval. Om du angra på retninga etter VG1 hadde du rett på skuleplass innan ei anna VG1-linje etterpå. Dette gjeld framleis, men er utvida til at du også etter VG2 kan gå to skuleår tilbake og ha rett på plass på ei anna VG1-retning, fortel Einar.

«Kva skal til for å koma inn?»

Det er val å ta etter alle trinn ved Os vgs, både VG1 og VG2-elevane har spørsmål som avgjer vidare retning.

– Sjølv om vi ikkje kan seia kvar poeng-grensa vil ligga frå år til år, er både fjoråret, og historikken med dei to åra før, gode indikatorar.

– Elevane er opptatte av både kva dei har sjanse til å koma inn på, og kva som aukar sjansen for å gå også neste år her ved skulen. For mange er det tydelegvis eit ønskje å bli verande her i Kolskogen, anten det har med reiseveg, venar eller sjølve skulen å gjera, seier Ingrid.

Høgskule og læreplass

Elevane som går påbygg lurer naturlegvis på alternativ til høgare utdanning, men allereie etter VG1 kan poeng-grenser ved tidlegare opptak på høgskule vera avgjerande. Til VG2 er det nemleg fleire elevar som vel retning innan faget sitt.

– Kvar det er størst sjanse for læreplass er òg avgjerande. Sjølv om vi frå VG1 til VG2 går ned frå to til éin klasse på elektro kan dei frå VG2 ha vanskar med å få læreplass. Også dei som vil bli bilmekanikarar kan òg oppleva at det er utfordrande.

– Men på anleggsteknikk, der vi har 60 elevar, fekk alle læreplass.

Når påbygg blir «nødløysing»

Etter VG2 kan elevar velja mellom å bli lærling, altså å sikta seg inn på fagbrev, eller å ta allmenn påbygg. Nokre tar påbygg for å ta høgare utdanning, andre «landar» der fordi dei ikkje får læreplass.

– Å hamna på påbygg, med ein del teoretiske fag, etter i utgangspunktet å ha valt ei praktisk retning, kan vera umotiverande for fleire.

– Om ikkje du faktisk har eit ønskje om å ta påbygg, oppfordrar vi eleven å heller ikkje setja dette som alternativ. Når ikkje opptakskontoret kan plassera dei der ut frå eit ønskje, blir behovet for fleire læreplassar meir synleg. Vi forstår at ungdomen vil unngå risiko, at dei ønskjer eit tilbod, men det er kanskje betre å søkja VG3, på dei skulane som har dette tilbodet, eller å jobba eit år, mens dei ventar på læreplass.

Nokre vel påbygg utan å ha ein konkret plan om høgare utdanning, kanskje berre for å bli russ. Det kan gjera det vanskelegare for eleven å få læreplass.

– Dei som tilbyr læreplass til elevar frå påbygg får berre halvparten av tilskotet dei elles ville fått. Arbeidsgjevar tar inn lærlingar på bakgrunn av fleire kriterie, men for enkelte små verksemder kan dette med økonomien vera avgjerande, og det blir lettare å velja ein som kjem rett frå VG2 og gir fullt tilskot.

Kan vera feil å følgja trend og spådom

«Unødvendig skepsis til oljebransjen» sa fylkespolitikar og faglærar på Bergen Maritime, Gustav Bahus, då starten på nedgangen i oljebransjen i 2014 førte til færre søkjarar innan boretekniske fag.

I 2016 opplevde Os vgs ein så kraftig reduksjon i søkjarar til TIP (teknikk og indistruell produksjon) at dei måtte redusera frå 2 til 1 klasse.

– No er det mangel på lærlingar innan fleire område, blant anna kjemi og prosess. Her er òg ganske store geografiske forskjellar, fortel Einar.

• Les òg: Gode råd: Os Gymnas

Ny videoserie på Instagram

Lurer du på korleis det er å vera i jobb? Torsdag publiserte vi den første i ein serie av videoaintervju - ikkje med studentar, men med arbeidstakarar.

PS! I faktaboksen i slutten av videoen har vi skrive snittløn ifølgje SSB. Det treng ikkje å bety at den vi har intervjua tener det same.

• Les òg: Snittløn for 300 yrke

Videoen blei publisert på Midtsiden sin Instagram-konto. Du kan sjå det første intervjuet i ruta under. Det kjem fleire - følg oss på Instagram for påfyll.

-

Yrkesval, episode 1: Helsefagarbeidar. I vekene som kjem får du høyra om fleire jobbar, ikkje frå rådgjevarar, men frå unge arbeidstakarar som har fullført utdanninga og er i full jobb #midtsidenutdanning #utdanning #tautdanning #ungdom #fagutdanning #helsefagarbeider #videregående #skole #skule

A post shared by Midtsiden.no (@midtsiden) on Feb 1, 2018 at 1:00am PST

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.