Sport | 22. sep. 2014

Gode takter i opningscup

Trenar Morten Asphaug er stornøgd etter opningscup i volleyball. – Dette lovar godt før sesongstarten.

Gode takter i opningscup
Rebekka Bjørnarøy imponerte under opningscupen. Her i kamp under rangeringsturneringa i fjor (arkivfoto: Wim Hetland)
Andris Hamremandag 22. sep. 2014 13:38

I helga spelte volleyball-damene til Søre Neset opningscup i Haukelandshallen.

– I puljespelet møtte vi BSI 2 som rykte opp frå vår divisjon i fjor og Rossvoll som har vore i toppen av andre divisjon i fleire år.

– Kampen mot BSI 2 starta bra og vi hang godt med, men vi må likevel sjå oss slått 0-2.

– Mot Rossvoll forventa eg at vi skulle tape og vi gjorde det i første sett, 11-25, men i andre settet klaffar alt for oss og vi vinn 25-20.

– Tredje settet leiar vi fram til sidebytte. Derfrå og ut blei dei for gode og vi tapar 9-15, men eg er strålande nøgd. Jentene gjer ein kjempekamp, skryt Morten Asphaug.

Øvar inn nytt system

Søre Neset har denne hausten starta å øva inn eit systemspel, kor spelarane blir meir spesialiserte og har klårare oppgåver på banen.

– I turneringa var hovudpoengen for oss å få freista systema i kamp.

– Difor passa det eigentleg bra å gå til det nedre sluttspelet, for då var vi sikra tre kamper til, mot lag vi skal møta i serien seinare i sesongen.

– Kampen mot BSI 3 blei ein svak kamp, men vi vinn 2-1, etter at jentene har henta seg opp etter at vi tapte første settet.

– I den andre kampen i sluttspelet møtte vi våre gode vener i Kvernbit.

– Det blei like jamnt som det alltid pleier å bli. Vi taper kampen 1-2 etter å ha tapt 14-16 i siste sett.

– Både vi og Kvernbit spelte ein god kamp. Eg reknar med at dei blir eit av topplaga vi skal slåst mot i år, fortel Asphaug.

Tok sjanser

I siste kampen, mot Hordvik, byrja Søre Neset-jentene å bli slitne etter fleire tre-settskampar.

– Vi tok ein sjanse og kvila leggjaren vår i første settet og lot ei som ikkje har spelt så mykje i år få starta.

– Vi rotar eindel, men heng likevel godt med og tapar 25-27.

– I andre settet rotar vi òg eindel, men vinn likevel 25-23.

– Det tredje og siste settet vinn vi 15-6. Då viser vi at vi er eit betre lag enn Hordvik.

Rebekka imponerte

Søre Neset-trenaren er godt nøgd med innsatsen på heile laget.

– Men det er ein spelar eg må trekke fram.

– Rebekka Bjørnarøy, som vi starta å trena som leggjar for berre fjorten dager sidan imponerte.

– Det var fleire i hallen som hadde problem med å tru at ho hadde hatt den oppgåva i så kort tid. Det er ikkje utan grunn ho blei kåra til den mest framgangrike spelaren i fjor. Ho viser at ho tek nye ting fort, slår Asphaug fast.

Topp 3 - kan bli gull

Medan fleire av motstandarane har spelt etter system i fleire sesongar, er det først i år Søre Neset har vald å gjera det same.

– Det ser lovande ut. Eg trur vi kan bita godt frå oss.

– Jentene sjølv har sagt at målet er topp 3. Sjølv har eg tru på gull, og det har eg sagt til jentene.

– Held vi fram med å jobba hardt er det innan rekkevidde, men det blir nok jamnt i toppen, avsluttar Morten Asphaug.

Første seriekamp er ikkje beramma enno, men Asphaug reknar med at seriestart blir i slutten av oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.