Lokal | 22. okt. 2016

Godkjente Kuventræ-planen

Politikerane godkjente reguleringsplanen for Kuventræ, men framleis gjenstår forhandlingar med grunneigar før ny idrettshall kan byggast.

Godkjente Kuventræ-planen
Plan- og bygningsutvalet, her på befaring, godkjente reguleringsplanen for Kuventræ Sentralidrettsanlegg (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 22. okt. 2016 07:53

I plan- og bygningsutvalet torsdag sa politikerane endeleg ja til reguleringsplanen for sentralidrettsanlegget på Kuventræ. Planen blei i sist møte sendt i retur for å endra på ein veg, slik at denne ikkje gjekk inn på ein eigedom.

– Det er sjarmerande å sjå at det gjekk ann å få ein liten sving på den, kommenterte Gustav Bahus (Frp).

Fekk forsikringar

Kristin Søfteland-Larsson (H) peika på nedre del av planen, i idrettsvegen, kor vegen er lagt inn på eigedommen som ligg der.

– Nede i idrettsvegen går vegen 2,5 meter inn på eigedommen der. Eg lurer på om det leggast opp til ekspropriasjon i svingen? Vi har vore tydelege på at ekspropriasjon er noko vi ikkje ønskjer, poengterte Søfteland-Larsson.

– Alle planar er avhengige av å bli einige med private eigarar. Vi må komma til einigheit med grunneigaren ellers blir det ikkje gjennomført. Om vi ikkje kjem til einigheit, så ordnar vi det best mogleg, slik vi alltid gjer. Vi veit veldig godt at de ikkje ønskjer oreigning, svara Aina Tjosås, kommunalsjef for samfunnsutvikling.

Må forhandla med nabo

Nettopp forhandlingar er det kommunen må i gang med for å få realisert den doble idrettshallen slik som planlagt. Vegen må nemleg leggast om for å få plass til hallen.

– Vi har gjeve naboen det gjeld eit konkret forslag, men han har sagt han ikkje vil forhandla før det ligg ein formelt vedteke plan, forklarte Tjosås.

Planen skal endeleg godkjennast i kommunestyret 1. november.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.