Næringsliv | 11. apr. 2014

Godt nyttår og god jul

Kommentar: Var dette første og siste gong næringslivet i Os var samla i 2014? Er det grunnlag for å danna Os Næringsråd?

Godt nyttår og god jul
Frå frukostmøtet torsdag, der Os kommune samla nærmare 100 næringsdrivande i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. apr. 2014 07:12

Gårsdagens frukostmøte med næringslivet blei ein suksess for vertskapen, Os kommune. Trass i at invitasjonen ved ein feil aldri blei sendt.

Nærmare 100 næringsdrivande møtte fram og fekk 15 minutt med frukost og ein god time med kompakt informasjon frå kommunen.

Hadde eg fått ordet på tampen av møtet så ville eg ha sagt godt nyttår til alle, sidan det er første samling i år. Og god jul, sidan det truleg også var siste møte i 2014 mellom så mange frå det lokale næringslivet.

Vrimling, diskusjon og tovegskommunikasjon

Dei fire eg snakka med på veg ut frå det gode, men korte møtet i Oseana torsdag morgon sakna det same som meg; meir tid saman når først så mange var samla.

Tid til å lata praten gå rundt bordet. Kanskje det til og med skulle vore eit diskusjonstema bestemt på førehand, at kvart bord kunne drøfta erfaringar, samla idear og diskutert synspunkt for å dela dei med resten av salen etterpå. Kanskje er det nokre tema Os kommune ønskjer tilbakemelding på?

Kva samfunnsendringar og politiske vedtekter har mest å bety for ditt firma? Kva er det med Os som er bra eller vanskeleg for di bedrift? Har det vore tilfelle av kommunal saksbehandling som har hatt mykje å seia for di bedrift, i positiv eller negativ retning? Korleis er arbeidsmarknaden i din bransje? Kva marknadsføringsaktivitet er det mest vellykka du har gjort dei siste åra?

Kanskje vi også kunne hatt nokre foredragshaldarar, frå Os eller eksternt, ein ekspert innan eit felt som sa noko fagleg nyttig eller generelt inspirerande om det å driva firma.

Eller ein representant frå ein annan vekstkommune, for eksempel Fjell, som kunne fortelja om korleis dei driv samarbeid mellom kommune og privat næringsliv i bygging av Straume Kystby.

Tid for eit rollebyte?

Honnør til Os kommune som inviterer og spanderer frukosmøte med næringslivet, som tar initiativ til å samla så mange aktørar, som uoppfordra informerer om prosjekt i kommunal regi.

Det skulle vel eigentleg vore motsett, at næringsdrivande i Os inviterte ordførar og planfolk, spanderte mat og møterom, tappa politikarar og administrasjon for informasjon og serverte spørsmål og tilbakemeldingar til dei som forvaltar, vedtar og styrer.

Vi som driv firma har nok med vårt, anten det er dårlege tider eller travle tider. Men alle har godt av å få hovudet opp frå tastaturet nokre timar. Eller kroppen ut av kjeledressen. Det er dessutan fare for at du lærer noko nytt av å eta lunsj med 100 andre som driv næring i same kommune som deg. Kanskje du til og med får deg ein ny kunde denne dagen.

Kommuneleiinga i Os er merkantilt orientert. Kanskje litt for merkantilt orientert, vil enkelte seia, der dei kjører på både i eigedomsbransjen og med profilering av seg og sine.

Men det er neppe politikar eller rådmann si oppgåve å få næringsaktørar i bygda til å kommunisera betre eller til å dra betre nytte av kvarandre. Bør vi ikkje klara dette sjølv?

Uformell og effektiv

Dessverre er det å laga eit råd, ei foreining eller – gud forby – ein komité, noko som kan framkalla lette brekningar hos gründarar og andre som driv eige firma.

Men eit eventuelt Os Næringsråd treng ikkje gjera som andre råd og komitear, som bruker fleire år med møteverksemd utan å gjera anna enn å velja representantar, laga formålsaragraf og godkjenna referat frå førre, innhaldsfattige møte.

Eit næringråd kan vera ei gruppe med to statuttar;
1. Vi skal samlast fire gongar i året.
2. Nokre få utvalte personar har ansvar for å laga agenda, ein agenda med litt fagleg påfyll og god tid til vrimling.

Det er ein grei plass å starta, så får formalitetane snika seg inn om det blir behov, ikkje før.

Senioruniversitetet får det til. Dei som er pensjonistar bør har rett nok betre tid, men vi som driv firma bør ha like gode motiv.

Søviknes: Viss ikkje det blir stabla noko som liknar eit næringsråd på beina i løpet av året, kan frukostmøtet neste år vara litt lengre? Om det kostar meir trur eg ikkje deltakarane har noko imot å spleisa på maten.

Kjetil Vasby Bruarøy
Midtsiden AS

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.