Lokal | 10. juli 2017

Godt samarbeid med utelivsbransjen

Lite bråk på uteplassane i Os. Lensmannen skryt av godt samarbeid med bransjen.

Godt samarbeid med utelivsbransjen
Lensmann Oddbjørn Dyrdal gir ros til utelivsbransjen i Os (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 10. juli 2017 07:43

Os lensmannskontor rapporterer om ei etter forholda stille og roleg helg i bygda.

– Vi har kontrollert eindel køyretøy og observert eindel vinglete køyring, som ikkje nødvendigvis handler om rus. I nokre av tilfella har vi hatt kontakt med bilførar og gitt dei ei muntleg reprimande om at dei må skjerpa seg og vera aktsomme i trafikken, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Kun eitt tilfelle har gitt førarkortbeslag, det var då ein 19-åring blei stoppa i Lysefjorden natt til laurdag.

God dialog er nøkkelen

I høve utelivsbransjen gir lensmannen ros til bransjen.

– Det har jo etterkvart blitt eindel plassar i Os ein kan gå ut og hygge seg. Vi registrerer lite bråk og problemer frå plassane, så det går eigentleg utruleg bra.

– Vi har eit godt samarbeid og ein god dialog med bransjen, så det løyser nok det meste, avsluttar Dyrdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.