Sport | 24. okt. 2009

- Godt utgangspunkt

Frank Hellevik er nøgd med resultatet mot Austevoll og verkar sikker på siger på Kuventræ.

- Godt utgangspunkt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. okt. 2009 21:17

Bildeserie:

1 av 6

- Vi skal ikkje vera nøgd med tap, men om du hadde spurt meg før kampen om eg var nøgd med 1-2-tap i bortekampen ville eg svart JA med tre utropsteikn bak, seier Frank Hellevik.

Os leia 0-1 og hadde full kontroll til pause i første kvalik-kamp, men let Austevoll ta over både styringa og leiinga i andre.

- Der og då var Austevoll-spelarane glad for siger, men eg trur ikkje nokon av dei gler seg til å koma på Kuventræ med den knappe sigeren i lomma, seier Hellevik.

Reglane er slik at om det står likt samanlagt etter to kampar, tel bortemål dobbelt.
Det betyr at dersom stillinga laurdag blir ...
1-0 så vinn Os (2-2 samanlagt, men Os har bortemål)
2-1 så blir det ekstraomgangar
3-2 så vinn Austevoll (sidan dei då har eitt bortemål meir enn Os)
Vinn Os med to mål eller meir på Kuventræ så er sjølvsagt opprykket sikra.

TRE OM KAMPEN

Roald Stigen, talentutviklar i Os Turn Fotball:
- Os styrer første omgang og produserer mange sjansar. Tore Valvik og Stian Lunde spelar strålande. Vegard Leikvoll Moberg gjer eit veldig godt innhopp i andre omgang. Austevoll tok over. Uavgjort ville vore OK resultat, men i sjansar er det samstundes fortent at dei vinn i dag.

Brynjar Øvstedal, keeperveteran og høgrøsta sjefs-supportar:
- Os dominerer førsteomgang og er knallgode. Frode Buvik låser av på midtbanen og sørgjer for at heimelaget knapt skapar ein sjanse. Men i andre omgang verkar det som om dei legg seg lågt, medan Austevoll mata på. Eg såg at det kom til å gå gale, i staden for å drepa kampen tidleg, så let dei heimelaget koma inn - slik kan vi ikkje spela på Kuventræ til helga. Eg vil sjå Os banka Austevoll i siste og avgjerande kamp! Det er dei gode nok til!

Stian Lunde, kaptein på Os og dagens målskårar:
- Etter ein god start blei vi dessverre litt for passive i andre omgang. Eg har høyrt at spelarane på heimelaget fekk ein rekordstor porsjon kjeft i pausen, så dei var nok hakket meir tent enn oss. Vi var litt skuffa etter tapet, men då vi fekk tenkt oss om såg vi at vi bør vera nøgd med dette. Store klubbar i Europa ville ha jubla for 1-2 borte, og vi er nøgd og førebudd med at vi får oppgåva med å avgjera det heile på heimebane.

- Frank Hellevik, kva var forskjellen på 1. og 2. omgang, og var det planlagt å legga seg bakpå?

- Nei, vi bad ikkje om nokre justeringar i pausen. I første omgang var vi flinke til ikkje å sleppa heimelaget inn mellom midtbaneleddet og forsvar, i andre omgang mista vi ballen for mykje og Austevoll fekk slå lange ballar inn i nettopp dette rommet. Og der er dei farlege.

- Kva skjedde med Tim, som blei tatt av banen etter 10 minutt?

- Han skadde ankelen sin, og vi kan ikkje rekna med han i neste kamp. Samstundes var det godt å sjå at vi heldt fram med å ha full kontroll på kampen ut første omgang, utan Tim.

- Kva tenker du om den komande heimekampen?

- Vi vinn heime, og eg trur Austevoll kvir seg. Samstundes må eg seia takk til eit fantastisk publikum i dag, osingane stiller verkeleg opp når det er alvor. Med dagens resultat er det duka for ein gul og svart festdag på Kuventræ laurdag!

Desse 11 spelte frå start for Os (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tore Valvik, Frode Buvik, Torkel Hjertnes, Tim Henrik Sperrevik og Christian Almeland.

Christer Olsen kom inn for ein skadd Sperrevik i første omgang, Vegard Leikvoll Moberg kom inn for Almeland i andre omgang. Ramo Racic kom også innpå i andre omgang, for Olsen.

Les om kampen minutt for minutt på osturnfotball.no

Underteikna var opptatt som lagleiar for Os jenter 98 i dag, men hadde fotograf på plass på Austevoll. Under kan du sjå fleire bilde frå kampen. Ein større bildeserie er publisert på Facebook. (På "Midtsiden No", ikkje gruppa, men profilen.)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.