Sport | 01. okt. 2016

Gojko skåra to borte mot Egersund

Thomas Sandal har mykje å gleda seg over etter den tøffe bortekampen, men reiser likevel skuffa heim.

Gojko skåra to borte mot Egersund
Gojko Ivkovic skåra to av Lysekloster sine tre mål borte mot Egersund i dag. Her i heimekampen, som Lysekloster vann 1-0. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. okt. 2016 16:36

Det har vore ein poengfattig haust for Lysekloster, som no ligg to poeng vak Fana og den viktige 7. plassen etter fem tap på rad.

I dag leia dei 1-0 til pause borte mot Egersund på 3. plass, laget dei slo 1-0 heime i vår, men så blei det for mange baklengs.

– Når vi skårer tre mål på bortebane er det surt å ikkje ta med poeng heim, men vi kan heller ikkje rekna med poeng når vi slepp inn fem, seier Thomas Sandal etter kampen.

– Etter ein fantastisk førsteomgang er vi litt passive og gjer litt for mange personlege feil i starten på 2. omgang, dessverre.

Vertane skåra tre mål på ni minutt. Midtstoppar Gojko Ivkovic tok seg nokre raid oppover og skåra to mål, men det var ikkje nok i dag.

– Det som er gledeleg er at vi ser ut som eit lag igjen. Førsteomgang var strålande og vi har mykje å ta med oss inn i dei siste rundane.

Egersund - Lysekloster 5-3 (0-1)
Målskårarar, Lysekloster: Sebastian Holmqvist (straffe) og Gojsko Ivkovic 2.
Lysekloster: Frode Moberg Øvredal - Ola Sjømæling, Gosjko Ivkovic, Denis Ljubovic, Baste Jonassen - Oliver Kirk Larsen, Hans-Christian Nysæther, Martin Eidsvik - Ståle Steen Sæthre, Thomas Helland og Sebastian Holmqvist.
Innbytarar med speletid: Espen Birkeland, Ken-Joar Føyen og Christer Bergesen Olsen.

Baste Jonassen blei skadd i foten fem minutt ut i kampen, Kirk Larsen fekk gult kort og må sona karantene i neste kamp.

Lysekloster speler heime mot Vard Haugsund laurdag om ei veke (kl 15).

TERMINLISTE OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.