Lokal | 26. sep. 2014

Grå helg

Finn fram sydvest og regnklé om du har tenkt deg ut i helga. Opp mot 30 mm nedbør må du førebu deg på.

Grå helg
Slik såg det ut i Os hamn fredag morgon (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 26. sep. 2014 08:27

Skal du på andeslepp i Oselvo eller på fotballkampen mellom Lysekloster og Bjarg i Lysefjorden på laurdag er det berre å kle seg godt . Det blir ei blaut, men varm helg.

Dei to vêrmeldingstenestene Yr og Storm er samde om at det kjem til å regna, men kor mykje er dei ikkje einige om.

pent.no ser ein at Yr reknar med 17,1 mm nedbør i løpet av laurdagen, medan Storm trur på nær det doble med 30,5 mm.

Ein ting er det båe einige om. Temperaturen blir fin til i vera i slutten av september med mellom 10 og 13 grader heile helga.

Også sundagen blir nok blaut, men med litt mindre regn enn laurdag. Mellom 9,3 og 15,9 mm nedbør spår dei to vêrvarslarane.

Vinden er spådd til å vera sterkast fredag kveld og laurdag morgon med frisk bris og vind opp i 12,2 m/sek fredag kveld. Utover helga vil det løya ned i laber bris og flau vind med 1 m/sek.

Fin måndag

Er du Os-supportar slepp du heldigare unna enn Lysekloster-supporterane. Os sin kamp mot Vard Haugesund 2 på Kuventræ ser nemleg ut til å gå i opphaldsvêr og flau vind.

"Godvêret" held seg til onsdag midt på dagen, då regnet kjem tilbake.

Korleis det blir neste helg er dei to usamde om. Yr meldar regn og 12-13 varmegrader, medan Storm fortel om sol frå klår himmel, men lågare temperatur på natta og morgonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.