Kultur | 07. sep. 2017

Gratis minikonsert i Osbadet

I vår tok Osbadet med seg hinderløypa si ned til Oseana. No kjem Oseana til Osbadet.

Gratis minikonsert i Osbadet
Henrik og Emma Noor held minikonsert i foajeen i Osbadet (pressebilete)
Andris Hamretorsdag 07. sep. 2017 10:51

Laurdag 30. September kan du oppleva artistane Henrik og Emma Noor i foajéen i Osbadet, når Oseana «låner» dei ut frå haustprogrammet sitt. Dei stiller med gratis minikonsert kor dei syng tre songar, før dei held full konsert i Oseana seinare på kvelden.

– Vi synes det er kjekt å samarbeide med Oseana. Det var ei artig og fin oppleving med hinderløypa i sommar, og no blir det rett og slett gøy med artistar og musikk i foajeen vår - noko heilt anna enn det me har til vanleg, seier marknadsansvarleg ved Osbadet, Jon Sivert Rykkel entusiastisk.

– På Oseana synes vi det er viktig å ha eit samarbeid med andre aktørar i kommunen. Saman kan vi skape kulturopplevingar som gjer litt ekstra til vårt felles publikum. Og så er det jo berre kjempegøy med Jon Sivert då. Han er jo berre superentusiastisk kvar gong eg nevner noke, og ideane kjem trillande, seier marknads- og kommunikasjonsansvarleg ved Oseana, Veronica S. Halhjem i ei pressemelding.

Halv pris på bading

Ein anna ide er at alle som har kjøpt billett til konserten i Oseana, får halv pris på inngongbillettar til Osbadet denne laurdagen.

Vi kjem også til å lodde ut to gratis billettar til konserten i Oseana i samband med konserten her oppe, men her må publikum følgje med på Facebooksida vår, avsluttar Rykkel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.