Lokal | 02. aug. 2017

Gratis WiFi på plass i Os sentrum

– Vi skal òg oppgradera internett i hamna til same system, seier Daniel Skotheim.

Gratis WiFi på plass i Os sentrum
Daniel Skotheim fortel om god dekning på nytt gratisnett, også her hos Hanne's i Brugata, ei gate som har eigen antenne (på gründerparken ved Sparebanken Vest). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. aug. 2017 07:55

Den andre veka i juli blei fem sendarar monterte i Os sentrum, i går var gratis internett frå Os kommune i drift.

– Det tok litt lengre tid enn venta, men no skal alt vera i orden. Nettet heiter «Os sentrum Free WIFI», seier næringssjef Daniel Skotheim.

– Interessa har vi opplevd som stor, berre dei siste vekene har over 70 personar kome innom i kundetorget i rådhuset og spurd om dette med wifi.

Du kan logga deg på med facebook-kontoen din eller ved å motta passord per sms.

Pålogging er eit verktøy for å hindra misbruk og å betra tryggleiken til wifi-brukarane.

Set opp same system i hamna

Det er montert sendar i Brugata (Sparebanken Vest/Gründerparken), på Sælen (Jernia) sitt bygg og rundt rådhuset.

– Utan at eg har vore på vandring for å testa, vil eg tru at 90 prosent av Os sentrum har god dekning. Rekkevidda strekk seg òg eit stykke ut i hamna.

Os hamn, som har hatt gratis internett sidan 2013, skal endrast til same system.

• Les òg: Betre for gjestar i Os hamn

– Her står antenna på Oselvarverkstaden. Vi vil sjekka moglegheitene for også å montera sendar på Oseana, seier Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.