Os rådhus sett frå Hamnevegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Gratulerer med dagen, osingar!

Midtsiden sender delar av feiringa direkte. Her finn du òg programmet for dagen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Vêrmeldinga for 17. mai i Os snudde i slutten av helga, og det kom sol og varme likevel.

Onsdag morgon var det skodde i Os, men denne letta tidleg og det er no lettskya og fin temperatur.

• Midtsiden sender direkte frå delar av feiringa - via Facebook.com/Midtsiden.

• Feirar du ein annan stad enn Os - og vil dela dine bilde? Vi har allereie fått bilde tilsendt frå både USA og Japan, send oss dine på tips@midtsiden.no.

Hovudprosesjonen i Os har oppmøte på Os ungdomsskule klokka 11.30 og avmarsj 11.45. Turen går via Finnebrekka til Lurane, inn Brugata, forbi Torget og opp Øyro, som har fått nytt dekke sidan sist.

Så er det arrangement på Kyrkjeflaten frå klokka frå 12.45 til 14.00.

Osøren Jazzensemble speler på Oseana Kafé & Restaurant frå klokka 17.

Les meir og sjå heile programmet.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Sanner vitjar gründerparken

29. mai 2017

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) kjem tysdag til Os for å møta og læra av gode gründerar.

bilde-midtsiden

Populær kulturvandring

29. mai 2017

Publikum fekk både kulturelt og historisk påfyll då festspillene vitja Os med «Nordvegen».

bilde-midtsiden

Rekordrask opptur

28. mai 2017

Det blei nye rekordar både i dame- og herreklassen i Linken Opptur søndag. Éin deltakar tok like greitt åtte (!) fjell på ein dag.

bilde-midtsiden

Vil selja Ole B

28. mai 2017

Familien Søviknes vil selja både drifta og eigedomen på Buena i Lysefjorden.