Kultur | 17. nov. 2012

Grease med Eirik og Gina

Os og Kuventræ skulekorps: Kjøp brylkrem til håret og hent fram skinnjakka frå kjellarboden. Søndag 18. november blir det Grease-show i Oseana.

Grease med Eirik og Gina
Os & Kuventræ skulekorps då dei nyleg tok 2. plass i Manger. Eirik Søfteland og Gina Aspenes innfelt. (Foto: Privat/KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. nov. 2012 08:31

Os og Kuventræ skulekorps, som nyleg tok ein fin 2. plass i Manger (bildet), er klare for musikal i Oseana:

Hugsar du ”Grease” frå førre hundreår? Får du tårer i auga av ”Hopelessly Devoted to You”, og rockefot av ”Greased Lightning”?

Unge og gamle fans må setja av søndag 18. november til mimrestund med alle dei tidlause klassikarane. Os & Kuventræ skulekorps og Midtun skole musikkorps arrangerer Grease-show i Oseana og Fana kulturhus.

På menyen er utvalde godbitar frå filmen ”Grease”–melodiar som er som skapte for korpsarrangement.

Vokalistar og dansarar

Men ikkje nok med det. Med seg på scenen har dei songarane Gina Aspenes og Eirik Søfteland. Mellom anna får du sjå og høyra dei framføra ”You’re the One That I Want” i duett.

Medan musikantane og songarane framfører klassikarane frå musikalen, skal dansarar frå Kulturskulen visualisera ”Grease”-magien med sine dansetrinn.

Juniorane og aspirantane i begge korpsa er og ramma av ”Grease”-basillen, og skal spela saman med hovudkorpsa på enkelte songar.

Innleigde strengar

I tillegg har korpset med seg ekstra draghjelp i form av ein innleigd gitarist. Os og Kuventræ skulekorps sin faste tubaist skal dessutan spela bassgitar for anledninga.

Det er blitt ein tradisjon at Os & Kuventræ skulekorps arrangerer konsert på seinhausten. I 2011 trakk dei fullt hus i Oseana sin største konsertsal.

Konsertane i år er eit samarbeid mellom Os og Kuventræ skulekorps og kameratkorpset Midtun skoles musikkorps, med laurdagskonsert i Fana kulturhus og sundagskonsert på Os.

Dei mest engasjerte Grease-tilhengjarane kan difor få med seg showet i Fana kulturhus på Nesttun klokka 17.00 laurdag 17. november – i tillegg til Oseana-konserten.

Showet i Oseana startar sundag 18. november klokka 17.00. Billettar kan du kjøpa av musikantane i korpset eller i døra.

Os & Kuventræ skulekorps

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.