Grei generalprøve av Lysekloster
I helga spelte dei mot Tertnes, laurdag er det direktesendt seriestart mot Varegg.
Bildeserie:
Laurdag tok Lysekloster imot Tertnes til siste treningskamp før seriestart.
Tertnes rykte opp til 3. divisjon i haust, og gav Lysekloster god matching.
– Tertnes har styrka seg og blir nok ikkje nokon kasteball i 3. divisjon. Eg vil tippa topp seks, seier sportssjef i Lysekloster, Svein Kollen.
Trenar Ruben Hetlevik rakk å få med seg kampen før han søndag blei pappa til ei jente.
– Samtidig mangla vi fem spelarar, vi har nokre småskadar og enkelte vi sparer på til laurdag. Det såg i periodar òg ut som om gutane framleis er litt tung i beina etter oppkøyringa, og at konsentrasjonen ikkje var heilt på topp.
Tertnes har blant anna styrka stallen sin med tidlegare Lysekloster-spelar Tommy Gaustad. Gaustad har nyleg vore fire veker på ferie, og starta på benken, men blei tidleg sendt i oppvarming.
– Det er kjekt å vera tilbake i Lysefjorden, eg heldt nesten på å gå i feil garderobe, sa Tommy før han byrja å varma opp.
Lysekloster - Tertnes 3-2 (1-1)
Målskårarar, Lysekloster: Trætteberg, Pedersen og Matos.
Lysekloster tok leiinga i 15. minutt, men gjestane utlikna før pause.
I andre omgang gjekk heimelaget opp i 3-1 før Tertnes reduserte.
– Vi hadde ein god periode på 15-20 minutt, der vi køyrde skikkeleg over Tertnes. Det kunne fort blitt fleire mål, seier Kollen.
Østevold kom til fleire sjansar og missa i tillegg på ein straffe etter at han sjølv blei felt.
– Det kunne fint vore 5-1 før Tertnes reduserte. Vi vann, men er ikkje heil nøgd med gjennomføringa.
Lysekloster har seriestart heime mot Varegg laurdag.
– Amedia vil senda kampen direkte, og er her og gjer førehandsopptak, blant anna med drone, denne veka, fortel sportsjefen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.