Griegsamlingen

Nymonteringar og nye innkjøp

Utstillinga står frå laurdag 27. januar - søndag 6. mai
 
Vårens utstilling frå den mangfoldige og rike Griegsamlingen presenterer med anna innkjøp av samtidskunst frå 2017, verk frå samlinga som ikkje har blitt vist på Oseana på ei god stund, samt nokre verk som ikkje har blitt vist her tidlegare. Av "nye" verk er vi spesielt glade for endeleg å kunne presentere to praktfulle måleri som har hatt tilhold i Os lenge, og som Os kommune og Grieg Foundation overtok i 2015 med bidrag frå Rekstenfamlien: Etter at bileta er blitt rensa og dei gedigne gullrammene restaurert, får Gunnar Bergs "Landligge i Lofoten" og Axel Enders "Kanefart" kvar si sentrale plassering i Griegsamlingen. I tillegg blir verk av med anna Hans Jørgen Nicolaysen, Christian Krogh, Per Krogh, Nikolai Astrup, Jacob Weidemann og Eilif Amundsen presentert. 

Lørdag, januar 27, 2018 - 14:02