Lokal | 28. juni 2017

Grill ulma i bosspann ved bakeri

– Eg blei sint då eg såg dette, fortel ein av dei tilsette.

Grill ulma i bosspann ved bakeri
Denne grillen låg og ulma i eit bosspann ved Hagavik Hjemmebakeri tysdag kveld. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. juni 2017 10:54

Tysdag kveld var Benedikte Arentzen innom jobb, familieverksemda Hagavik Hjemmebakeri, då ho oppdaga at det kom røyk frå det eine bosspannet utanfor bakeriet og butikken.

– Der låg det ein varm eingongsgrill og ulma. Dette kunne lett ført til til brann som fort kunne spreidd seg til bygningen, seier ho.

Ho sløkte grillen, tok bilde og kontakta lokalavisa for å få folk til å bli meir varsame.

– Eg blei rett og slett sint då eg såg at folk ikkje bruker hovudet meir enn dette. Det var tilfeldig at eg var innom, og dette kunne gått skikkeleg gale.

Fleire liknande tilfelle i Os

Varabrannsjef Arne Monsen fortel om fleire liknande tilfelle, der brannvesenet har rykt ut og hindra at brann i bosspann har spreidd seg til bygningar.

– Vi har hatt liknande tilfelle både på Amfisenteret, skular og barnehagar. I den eine barnehagen brann heile bosskuret ned.

– Sett spannet vekk frå husveggen

– No er heldigvis dei fleste bosspann med lokk slik at det blir vakum og brannen blir kveld, men det skal ikkje store opninga til for at brannen får nok luft til å utvikla seg.

– Vi håper naturlegvis at folk blir flinkare med å kasta grill og anna brannfarleg avfall på tryggare plassar, men når vi er på inspeksjon hos bedrifter kjem vi òg med anbefaling om kvar bosspanna bør plasserast. Å setja spann inntil husveggen er dessverre ein å ta ein risiko.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.