Grodås gav ungdomen litt å strekka seg etter
Unge keeperar frå Osbygda fekk tett med nye øvingar av landslagstrenaren.
Bildeserie:
I mars blei det kjent at Eat Move Sleep-ambassadør, keepertrenar Frode Grodås, ville koma til Kuventræ for å trena ungdomar frå heile bygda.
Eat Move Sleep-kollega Os Fotball var vertsskap, 12 gutar og 5 jenter frå ulike klubbar deltok.
– Eg har vore på keeperskule før, men er glad eg fekk plass her, seier Anders Askvik Brattetveit frå G14 på Lysekloster/Nore Neset.
Keeper på Os G13, Jørgen Førde, var òg spent på veg til banen.
Effektiv økt med enkle hjelpemiddel
Grodås hadde Os-keeperane Frode Moberg Øvredal og Anders Fossen Lunde, og trenaren deira, Chris Kytiri, med seg som assistentar.
Men han styrte ungdom godt åleine òg, ein ball og ein liten del av ei kunstgrasmatte var alt han trengte for å gje deltakarane ein serie av øvingar og utfordringar, nokre var morosame og svært utfordrande, andre var enkle og effektive - alle var korte og utan at det var behov for å stå mellom målstengene.
Eksempel:
• Halvparten av gruppa har ball. Alle joggar innafor ein merkt firkant på banen, dei utan ball stoppar, står i «skotposisjon» og får kasta ein ball til seg.
• Alle har ball. Spring rundt, få kontakt, kast samtidig til kvarandre og grip. Helst med éi hand.
• Keeper let motparten skyta tunell på seg sjølv, men snur seg og reddar ballen i det den har kome gjennom. – Dette skjer heldigvis ikkje så ofte i kamp, men det gir god øving, sa Frode og lo.
– Skyv også med foten som er nærmast ballen, altså retninga der du slenger deg! presiserte keepertrenaren, som sjølv var aktivt med på kvar øving.
Tilskodarar og foredrag
Før Frode Grodås (53) i 2010 blei trenar for herrelandslaget sine keeperar spelte han på øvste nivå i over 20 år, frå debuten for Sogndal som 17-åring i 1982 til landskamp mot Danmark i 2002. Grodås har blant anna vore med på å slå Brasil i VM 1998, vunne finalen i FA-cupen i 1997 med Chelsea og blitt seriemeister med Lillestrøm i 1989.
Han er nok like kjent for foreldra og trenarane til dei unge keeperane som deltok på treningsøkta, og fleire av desse sto ringside og fekk med seg øvingane.
Etter treninga var det foredrag i klubbhuset. Både treninga og foredraget var gratis.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.