Lokal | 23. mai 2014

Grøne pengar til kommunen?

Lesarinnlegg: Frå januar til april auka elbilandelen med 39 prosent. Dette er gledelege tal av fleire viktige årsaker.

Grøne pengar til kommunen?
Ein av fleire ladestasjonar i Os, her ved Osbadet og Oshallen. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. mai 2014 08:11

For det første har Os ei stor og aukande pendlargruppe. Ifølgje SSB pendla heile 50,55 % av dei sysselsette ut av kommunen i 2012, dei fleste til arbeid i Bergen, og størsteparten av dei i privatbil.

Dette bidreg direkte til svevestøv og andre utslepp som fører til at Bergen kommune jamleg bryt lovpålagte krav om lutfkvalitet. Tal frå SFT indikerer at slik ureining fører til at nesten 140 personer døyr for tidleg kvart år.

Ein nedgang av utslepp frå privatbilar vil vere eit tydeleg bidrag til å betra denne situasjonen.

For det andre er det positivt for klimaet og Noreg sitt klimatruverd. Bilismen i Noreg står åleine for 20 % av dei norske CO2-utsleppa. I eit land som Noreg, som er sjølvforsynt med fornybar energi, kan ein fjerne CO2-utsleppa frå privatbilsektoren heilt, dersom det finst politisk vilje til det.

Hordaland fylkeskommune har vedteke fleire tiltak som gjer det lønsamt å gå over til elbil.

I klimaplanen har fylkestinget etter forslag frå Miljøpartiet Dei Grøne vedteke at 20 % av alle parkeringsplassar i fylket på sikt skal reserverast for elbilar.

For å redusere utsleppa frå transportsektoren med 20 % innan 2020 har Hordaland fylkeskommune oppretta ei tilskotsordning der dei dekker inntil kr. 25.000 av kostnaden (avgrensa til 75 %) per ladestasjon for kommunar, burettslag og sameigelag som ønskjer å byggje normalladestasjonar.

Fylkeskommunen er også villig til å fullfinansiere ladestasjonar i kommunesentrum, så Os kommune kan vere miljøvenleg og framsynte heilt gratis dersom kommunestyret no er om seg og sender inn søknad før 31. mai (burettslag har frist 30. juni).

Vi i Miljøpartiet Dei Grøne sit enno ikkje i kommunestyret i Os og kan difor ikkje ta direkte initiativ til at kommunen nyttar denne tilskotsordninga.

Vi vonar lokalpolitikarane i dei andre partia er vakne, og vi registrerer med glede at Venstre seier sanninga om at kommunens nølande haldning om elbilar i praksis er å plassere seg langt bak i løypa.

Nils-Anders Nøttseter, Os MDG
Bjørn T. Bøe, Os MDG
Tom Sverre Tomren, Fylkestingsrep. MDG

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.