Sport | 02. des. 2014

Grønt lys for samarbeid

Framleis skal dei konkurrera på banen, men no skriv tre av klubbane i Os samarbeidsavtale for å gje eit endå betre tilbod til spelarane.

Grønt lys for samarbeid
Lars Bakkerud, sportsleg leiar i Os Fotball, Jarle Heltne, dagleg leiar i Nore Neset og Kjetil Laasby, sportsleg leiar i Søfteland, er einige om nytt og tettare samarbeid. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 02. des. 2014 07:36

Frå neste år blir det ikkje snakk om å henta spelarar i 13-14-årsalderen frå kvarandre. Det set samarbeidsavtalen Nore Neset, Søfteland og Os Fotball skreiv under på måndag ein effektiv stoppar for.

– No er det uaktuelt å henta spelarar frå kvarandre før dei blir 15. Medan dei er 13 og 14 år skal dei spela i moderklubben sin, også om dei er gode nok på allianselaget.

– Det har vore gjort tilsvarande forsøk tidlegare, men det har av forskjellige grunnar ikkje lukkast.

– Mellom anna har vi hatt uheldige episodar, også etter at eg kom i klubben, kor vi har henta spelarar og øydelagt for andre. Det blir det no slutt på, slår Lars Bakkerud, sportsleg leiar i Os Fotball fast.

Fleire vegar til topps

Samarbeidet, som omfattar om lag 60 gutespelarar fordelt på dei tre klubbane i kvar av årsklassane, skal bidra til at fleire spelarar blir med på overgangen frå sjuar til niar og ellever-fotballen.

– Det er fleire vegar å gå for å bli god. Os skal gjera eit større skilje mellom elite og bredde, det igjen kan gjera at nokre fell litt mellom to stolar.

– Då legg samarbeidet opp til at dei kan koma til oss eller Søfteland, kor moglegheitene til å hospitera opp gjerne er større enn i Os, forklarer Jarle Heltne i Nore Neset.

– Nettopp den vegen kan vera ein god veg å gå for enkelte. Du kan bli god fotballspelar også i dei andre klubbane, skyt Bakkerud inn.

– Dessuten gjev dette større grad av forutsigbarheit, både for klubbane og spelarane, legg Heltne til.

Dess fleire, dess betre

Ein av motivasjonane med samarbeidet er å få fleire til å spela fotball lengre.

– Det at dei kan gå til oss eller Nore Neset når dei blir 15-16, fordi dei ikkje når opp på elitesatsinga til Os, og breiddetilbodet deira følast feil, er eit godt alternativ til å legga fotballskoa på hylla.

– Eg trur vi kan vera med på å løfta opp og fram også dei som ligg litt etter i for eksempel fysisk utvikling.

– Målet er å ha eit best mogleg tilbod til alle i bygda, uansett kva klubb dei "høyrer til", seier Kjetil Laasby i Søfteland.

Snakkar saman

Samarbeidsavtalen omfattar ikkje berre spelarovergangar, men òg "alt anna" rundt laga.

– Allereie i august sette vi oss saman i det som etterkvart har blitt eit samarbeidsråd.

– Vi skal treffast jamleg for å diskutera korleis det går med spelarane i dei forskjellige klubbane, ta opp eventuelle problem som dukkar opp og sjå på kva vi felles kan gjera for å løfte kompetansen hos trenarane i alle tre klubbane.

– Felles trenarkurs, dommarkurs og liknande er ting vi jobbar med, fortel Laasby.

– Det er ingenting eg ønskjer meir enn at det kjem trenarar frå Nore Neset og Søfteland med når vi har interne opplegg i Os, skyt Bakkerud inn.

– Dessuten blir ting så mykje greiare om vi berre snakkar saman. Det har eg eit inntrykk av at har vore noko av utfordringa tidlegare.

Tilsett kvalifiserte trenarar

Dei to allianselaga klubbane no oppretter for guter 13 og 14 skal organiserast litt annleis enn tidlegare.

– No tilset vi eigne trenarar som berre skal vera dedikerte til allianselaga.

– På desse laga blir det slutt på foreldretrenarar, sjølv om foreldra nok framleis kjem til å vera med rundt laga, så skal dei ikkje lenger ha det faglege ansvaret.

– Laga skal ha to ekstra treningar i veka og vera eit supplement til dei laga spelar på til vanleg, forklarer dei tre.

Kvart av allianselaga vil vera på om lag 20 spelarar, men dei ser for seg å starta med ei større gruppe i byrjinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.