
Grove tjuveri og skadeverk
- kl 2113 kom det inn melding om eit innbrot og tjuveri frå ein bil i Nedre Varåsen. Eg har førebels ikkje oversikt over kva som har blitt tatt frå bilen, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.
Har signalement
Seinare på kvelden kom det inn melding om eit nytt innbrot og tjuveri i ein bil. Denne gongen i Nedre Askvik.
- Her har vi fått ei beskriving av ein høg mann, om lag 35 år med lyst hår og i ei blå jakke som skal ha luska rundt i området, fortel Hadler-Olsen.
- Vi har førebels ikkje lykkast i å koma i kontakt med vedkommande, seier politiførstebetjenten.
Skadeverk ved Os gymnas
Omlag klokka 09 i morges fekk politiet inn ei melding om skadeverk på ei anleggsbrakke ved Os gymnas.
- Eg veit for øyeblikket ikkje noko meir om omfanget av skadeverket, seier Hadler-Olsen.
Måtte bistå ambulansen
- I 1530-tida i går blei vi bedt om å bistå ambulansen med å hente ut ein mann som hadde skada foten.
- Det var eit drikkelag, kor den eine hadde skada foten. Då ambulansen kom for å hjelpa slo han seg vrang og vi blei tilkalt for å bistå. Han viste nok ikkje sitt eige beste, men det løyste seg greitt når vi kom til staden, avsluttar Audun Hadler-Olsen
Stein ramla ned
Politiet fekk òg ei melding i 17-tida i går om at ein stein på om lag 3 - 500 kg hadde ramla på gang-/sykkelvegen ved Liavegen. Der blei brannvesenet og teknisk vakt i kommunen varsla.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no