Kultur | 06. mai 2009

Grovt Vårslepp-vorspiel

Han har fire av låtane på topp 5-lista, men har fått lite merksemd i media. Bjørn Hellfuck er "uhørt på Urørt", og stiller med grovt kaliber for å laga Vårslepp-vorspiel på Os.

Grovt Vårslepp-vorspiel
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. mai 2009 12:34

Bildeserie:

1 av 2

- Det starta vel med at eg ikkje hadde råd til å gå på by´n ein kveld, så eg kjøpte meg ein kasse øl og sat heime og spelte inn nokre låtar, fortel mannen som kallar seg Bjørn Hellfuck på NRK Urørt.

Han har dei fleste låtane på dei fleste topplistene på Urørt, men han har aldri fått omtale. Kanskje fordi tekstane er av grovaste type: "Eg hadde blod i bamsen" (...) "Eg fyrte han rett i svansen" (Frå låta "Bleikfeit hyse")

- Nokre tekstar hadde eg liggande, andre har kome seinare. Ein utestad i Oslo byrja å spela låtane i fjor, og då byrja det å røra på seg. Men då eg lasta opp "Bjørn bifil" tok det plutseleg av, seier Bjørn.

Laurdag i 20-tida går han på scenen på Bar2Be, for å få folk i stemning til Turbostipend og deLillos på utandørsscene seinare på kvelden.

Selte ut tre konsertar på éin kveld
Han har også hatt spelejobbar i Bergen. På "Lille" i Bergen måtte han oppretta to ekstrakonsertar.

- Det høyrer med til historia at det berre var plass til 70-80 stykker, men det var kjekt då konsert nummer tre same kveld, blei utselt eit kvarter før vi gjekk på scenen til konsert nummer to.

Hellfuck har fem musikarar med seg i bandet. Ryktet seier at ein av dei er frå Os, men det vil ikkje hovudpersonen kommentera.

Anonym
Bjørn har 18 år bak seg som musikar, og er aktiv med andre band i Bergen.

- Derfor brukar eg berre artistnamnet mitt. Eg orkar ikkje å stå på scenen med andre band, og så byrjar folk å ropa frå salen at dei vil ha Hellfuck-låtar, ler artisten.

- Kva kan du fortelja om mannen bak Bjørn Hellfuck?

- Han er ein slapp fyr som nettopp har fylt 30 år, og som framleis synes det er morsomt med rumpe og tiss. Det er overraskande å sjå kor mange andre som har den same, spesielle og barnslege humoren.

På spørsmål om han er gift eller har ungar, svarar han at det får han ta når han er ferdig med å farte rundt og feste. Sånn rundt "bestefar-alder".

- Har du fått nokre negative reaksjonar på innhaldet i låtane dine?

- Ja, men ikkje på dei som handlar om sex. Låta "Kjør deg opp", som handlar om narkotikamisbruk, var det nokre som ikkje likte. Eg forstår at folk reagerte. Men låta oppfordrar ikkje til kvardagsmisbruk, det er meir det å medisinera seg opp til ein god fest, seier han til sitt eige forsvar.

- Er nokre av historiane du syng om sjølvopplevde?

- Ja, ein god del, anten av meg eller av kompisar. Eg har vore på ein del ganske drøye nachspiel, og då opplever du mykje rart.

Kjole og brennevin
I mai kjem Hellfuck med plate, og sleppefesten på Garage ser ut til å gå mot utselt og ekstrakonsert.

- Vi kjem til å reisa på turné på seinsommaren, og har kontakt med ein del studentorganisasjonar. Eg håpar vi får med oss nokre festar rundt skulestart.

- Å kunna leva av å reisa rundt i kjole, drikka brennevin og synga om penis ville vore ein draum, seier den anonyme bergensartisten.

Her kan du sjå delar av Hellfuck sin debutkonsert på Hinsides i Bergen i mai 2008:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.