Gry B. Skarstein saman med programleiar Tom Stiansen etter sigeren på Nordkapp (foto: Matti Bernitz, TVNorge)

Gry vann 71 grader nord!

Gry B. Skarstein vann 71 grader nord. – Det var heilt surrealistisk og fantastisk!

Av: Andris Hamre

Gjennom heile hausten har Gry kjempa seg stadig nærmare Nordkapp og sigeren i 71 grader Nord. I den avgjerande øvinga sto ho att med Victoria «Vicky» Birkeland frå Nesttun som motstandar, etter at ho og Vicky blei nummer éin og to opp til Nordkapp-platået.

– Eg var sikker på at eg var sist til Nordkapp og trudde eg hadde tapt, men slik var det jo ikkje.

– Då eg så såg at Vicky kom inn som nummer to blei eg utruleg glad. Eg trur det første eg sa til ho var «i år vinn ei jente», stråler Gry B. Skarstein på telefon frå Oslo, kor ho i kveld er på finalefest med dei andre deltakarane i 71 grader nord.

Les òg: Klar for beintøff finale-etappe 

Turen fram til Nordkapp blei av det tøffe slaget. Gry valde ei anna løype enn dei to første på del av oppgåva og kom inn sist av dei tre, men var heldig med etappa dag to, då ho fekk den kortaste ruta, der ho måtte ro ein liten 9-fots plastjolle.

Blanda kjensler

At det var nettopp venninna Victoria som skulle bli motstandar i finalen viste seg å bli tøft.

– Eg såg ho sleit i nettet og at ho fraus til noko så frykteleg, så då eg vann var det med blanda kjensler. Eg hadde så vondt av ho og byrja vel å grina litt der.

– Men det er klart at når eg no har fått det litt på avstand så er det både surrealistisk og fantastisk, seier Gry om sigeren og premiane – ein ny Toyota Rav 4 hybrid og 380.000 kroner på konto.

Emosjonelt møte

På Nordkapp venta ikkje berre programleiar Tom Stiansen, men også ektemann Morten, som hadde blitt flydd oppover etter at Gry tidlegare i konkurransen vann ein frikort-konkurranse.

– Det er klart det var veldig kjekt å sjå han igjen, men samstundes så grudde eg meg litt. Det var så masse kjensler og eg var så sliten. Eg visste det kom til å bli emosjonelt, fortel ho om møtet med ektemannen, som ho då ikkje hadde sett på seks veker.

Fekk håpet

At ho skulle gå heilt til topps i konkurransa hadde ho ikkje trudd då ho snørte på seg skoa på Lindesnes seks veker tidlegare.

– Nei, eg trudde ikkje det i starten. Eg hadde som mål å få vore med på flest moglege turar og få utfordra meg sjølv.

– Det var aldri i tankane mine i starten at eg skulle stå på Nordkapp som vinnar, men det er klart at når det nærma seg slutten og eg etterkvart kom til semifinalen, så byrja jo tanken om at det kunne vera ein reell moglegheit å nå heilt opp.

Mista trua

I sjølve finalen forsvann nok nokre av desse tankane igjen.

– Undervegs i finalen var det periodar, der eg gjekk heilt åleine, kor eg mista fullstendig motet.

– Eg såg jo at Vicky og Steffen gjekk saman og var heilt sikker på at eg skulle koma sist. Det gjorde eg også etter den første dagen, så eigentleg hadde eg gitt litt opp. Men eg forbanna meg på at eg skulle gjennomføra.

Med fasiten i hand er det vel liten tvil om at ho gjennomførte, og det med stil.

Spektakulært eventyr

Med unntak av den første og dei tre siste etappene, som var eit slit, så fortel Gry om ein eventyrleg tur Noreg på langs.

– På den første og dei tre siste etappene var det ikkje tid eller ork til å sjå seg rundt og ta innover seg dei enorme inntrykka. Resten av turen har berre vore eit spektakulært, fantastisk eventyr. 71 grader nord blir jo kalla Noregs vakraste eventyr, og det var det verkeleg. Det er nesten vanskeleg å forstå at eg har fått oppleve det, akkurat som eg drøymde om på førehand.

Har lurt seg sjølv

Ho fortel at ho har fått mykje merksemd etter at programmet starta tidlegare i haust.

– Har det vore vanskeleg å ikkje røpa at du vann heile greia?

– Nei, det har faktisk vore lettare enn eg trudde.

– Eg har klart å overbevisa meg sjølv om at eg ikkje har vunne, men det er klart, det har blitt vanskelegare og vanskelegare etterkvart som vi blei færre og færre igjen. Eg har fått mykje merksemd, spørsmål og kommentarar når eg har vore på Amfisenteret for å handla den siste tida.

Endå meir glad i naturen

Om du trur ho berre har lagt på sofaen etter den seks veker lange kraftanstrengelsen må du tru om att.

– Eg var jo glad i naturen før òg, men eg er blitt endå meir glad i den etter opplevingane i 71 grader nord.

– Det har jo ikkje blitt sånne turar som i 71 grader nord, men heile familien har no vore i Lofoten, kor vi var på fleire toppar og i Bergsdalen, kor vi i haustferien tok med oss teltet og gjekk opp på Såto.

– Eg var ikkje redd for å sova i telt før heller, men å tilbringa 40 dagar i telt gjer at du kvir deg litt mindre. Det er berre å gjera det, avslutter 71 grader nord-vinnar Gry B. Skarstein.