Første tur gjennom Skogafjellstunnelen

Gustav Alfred (7) fekk første tur gjennom tunnelen

Midtsiden var med då prosjektleiar Sverre Ottesen hadde guten som tok andre spadetak på E39 Svegatjørn-Rådal med seg gjennom Skogafjelltunnelen.

image
image
image
image
Av: Andris Hamre

29. september 2015 var ein merkedag for E39 Svegatjørn - Rådal då det første spadtaket på prosjektet blei tatt på Os-sida.

Dåverande ordførar Terje Søviknes (Frp) fekk æra av å det første taket, men rett etterpå var det ein ung gut på då fem år, Gustav Alfred Knag Bahus (son av samferdselspolitiker Gustav Bahus) som tok det andre, tredje og fjerde spadetaket.

Gjekk glipp av gjennomslaget

Onsdag 22. februar 2017 var ein ny merkedag for prosjektet då ein fekk gjennomslag for det første løpet i Skogafjellstunnelen, men gjestane på markeringa av gjennomslaget kom ikkje lengre enn til steinmassane frå den siste salva. Onsdag gjorde derimot Gustav Alfred (no snart sju) og pappa Gustav det, då dei fekk vera med prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen på biltur frå Svegatjørn, gjennom Skogafjellstunnelen, ut i Endelausmarka og bort til tunnelmunningen på Lyshorntunnelen.

– Gustav Alfred har snakka mykje om dette etter at han var med å ta dei første spadetaka. No var eg sjølv i Oslo då ein fekk gjennomslag for ei veke sida, så eg fekk ikkje tatt med meg han på det. Difor var det kjekt at Sverre sa ja, då eg lurte på om det var mogleg å få ei synfaring, fortel Bahus senior.

I videoen over kan du sjå turen (i fort film) tur/retur frå Svegatjørn til Lyshorntunnelen.

Med hjelm og vest

Junior hadde kledd seg forskriftsmessig med hjelm og refleksvest, noko både far og journalisten måtte få låna hos Ottesen. Før turen gjekk gjennom tunnelen måtte vi òg registrerast i loggen hos Veidekke, slik at dei hadde kontroll på at vi var inne på området.

– Det var kjekt å sjå dei store bilane og maskinane, smilte Bahus junior blygt til Ottesen etter endt tur.

Nytt gjennomslag før påske

Om alt går etter planen vil det andre løpet av Skogafjellstunnelen vera ferdig utsprengt innan påske.

– Vi har vel att omlag 150 meter i det løpet. Framdrifta er god. Det blir normalt skote to salver for dagen, kvar av dei med ei framdrift på fem meter, forklarte Ottesen på veg gjennom tunnelen.