Lokal | 30. des. 2013

Gut (8) stukken av skorpion

Ein familie frå Os, på ferie i Brasil, fekk ein meir spennande juleferie enn dei hadde venta.

Gut (8) stukken av skorpion
Skorpionen blei fanga før Nicholas blei frakta til sjukehus. (Foto: KVB)
Andris Hamremandag 30. des. 2013 22:50

Bildeserie:

Her sit familien og et lunsj minuttar før skorpionen slo til ved bassengkanten. (Foto: KVB)
Her sit familien og et lunsj minuttar før skorpionen slo til ved bassengkanten. (Foto: KVB)
Nicholas glad over å vera tilbake i sola på julaftan, med skorpionen på boks. (Foto: KVB)
Nicholas glad over å vera tilbake i sola på julaftan, med skorpionen på boks. (Foto: KVB)
Framleis glad i dyr: 2. juledag fekk Nicholas halda denne iguanaen. (Foto: KVB)
Framleis glad i dyr: 2. juledag fekk Nicholas halda denne iguanaen. (Foto: KVB)
1 av 3
Her sit familien og et lunsj minuttar før skorpionen slo til ved bassengkanten. (Foto: KVB)
Nicholas glad over å vera tilbake i sola på julaftan, med skorpionen på boks. (Foto: KVB)
Framleis glad i dyr: 2. juledag fekk Nicholas halda denne iguanaen. (Foto: KVB)

Det blei nokre dramatiske minutt etter at 8 år gamle Nicholas Forstrønen Bruarøy på dagtid julaftan blei stukken av ein gul skorpion ved eit basseng i landsbyen Tabatinga i Brasil.

– Eg visste at han blei stukken av noko og det var heilt uverkeleg å koma bort og sjå at det var en gul skorpion som var syndaren, fortel faren til Nicholas, Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy.

Enkelte gule skorpionar er kjent for å vera blant dei giftigaste.

Blant anna denne ferske artikkelen i Daily Mail åtvarar mot ekstremt giftig gul skorpion som engelske fotballfans må passa seg for under fotball-VM neste år.

Fanga skorpionen

– Vi fekk rask og god hjelp. Å fanga skorpionen var viktig, for eventuelt å få rett motgift, og tilsette ved restauranten kom stormande til med håv.

– Nokre ungdomar fanga skorpionen, den brasilianske kona til nordmannen som driv restauranten nærmast kasta oss inn i bilen hennar,

Få minutt etter stikket sat Nicholas og faren i bil på veg til legevakt, i badebukse, med ei framand kvinne bak rattet og ein plasboks med skorpionen i.

Den 10 minutt lange kjøreturen nord til legevakta i Pirangi gjekk fort, men seint.

– Eg var naturlegvis veldig redd. Men eg var samtidig glad for at Nicholas ikkje hadde andre symptom på gift enn at handa hans var hoven. "Dette er ikkje verre enn eit vepsestikk," sa eg, og prøvde å tru å det sjølv, fortel Kjetil.

Rask behandling

Det er ikkje alt som er like sivilisert i landsbyane sør for byen Natal, men det vesle sjukehuset i Pirangi er både effektiv og gratis.

– Medan eg trøysta Nicholas ringte eg til forsikringsselskapet vårt for å fortelja om ulykka og at vi var på veg til dette sjukehuset.

– Men vi var framme og Nicholas hadde fått sprøyte før den internasjonale avdelinga av selskapet rakk å ringa oss opp igjen.

– Kva han fekk veit eg ikkje. Alt skjedde fort, og på portugisisk. Kona mi Janne kom i eigen bil og sto ved sjukesenga medan eg snakka med forsikringsselskapet, og brått var Nicholas på beina igjen klar for å reisa tilbake.

Stupte uti for å unngå fleire stikk

I etterkant har familien fått forklart kva som skjedde ved bassengkanten etter lunsj ved strandrestauranten.

– Nicholas sat og leika med kusina Emma då han kjente at han blei stukken. Så kraup det noko opp på ryggen hans. "Det sit ein skorpion på ryggen din!" ropte Emma. Nicholas trudde først ikkje på ho, men så kjente han at den flytta på seg, og då stupte han uti bassenget for å få han vekk.

– Heller ikkje vi vaksne trudde på det då Emma ropte at han hadde blitt stukken av ein skorpion, men då Nicholas kom opp frå bassenget og byrja å grina av smerter så sprang vi sjølvsagt bort.

– No er vi berre glad for at alt gjekk bra. Vi har som vi hadde håpa sett mange eksotiske dyr på nært hald, frå iguana og delfinar til beltedyr (same type som maskoten til fotball-VM, "Tatto") og froskar like stor som ein handball. Men møtet med skorpionen var overraskande og ubehageleg, seier Kjetil Bruarøy.

– Heldigvis skal dette vera sjelden vare i dette området, det er heller ikkje vanleg med slangar eller edderkoppar her ved havet. Anten var akkurat denne gule varianten lite farleg, elles var vi veldig heldige at Nicholas ikkje fekk i seg så mykje gift.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.