Politi og ambulanse rykte ut på meldinga om eit trafikkuhell på parkeringsplassen ved Amfi Os (arkivfoto: KVB)

Gut påkøyrd

Ein gut blei påkøyrd på parkeringsplassen ved Amfi Os måndag.

Av: Andris Hamre

Klokka 1310 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på parkeringsplassen ved Amfi Os.

– Melding om ein gut som er påkøyrd på parkeringsplassen. Mogleg beinbrot. Politi og ambulanse på veg til staden, meldte operasjonssentralen i Vest Politidistrikt på twitter.

Fire minutt seinare var dei på plass og guten blei tilsett av ambulansepersonell.

– Gut på 7 år fraktast til Haukeland sjukehus med brotskader. Guten har kome løpande ut mellom to bilar. Mogleg fått hjul over fot. Politi og ambulanse er ferdig på staden. Politiet opprettar sak på forholdet, heiter det i siste oppdatering frå operasjonssentralen.

Midtsiden har tysdag morgon fått ei oppdatering frå lensmannskontoret:

– Bil som køyrde på 6 åring på parkeringsplassen. Vedkommande kom løpande ut mellom nokre bilar og bilførar klarte ikkje å stanse. Bilen køyrde difor over foten til 6-åringen slik at det blei eit brot. Vedkommande blei sendt til Haukeland for vidare oppfølging. Politiet på staden oppfatter det slik at bilførar ikkje kan lastast for hendinga

Fleire saker

bilde-midtsiden

Erling H. Lunde heidra på Ulven

22. juli 2017

XU-agent Erling H. Lunde blei fredag heidra for sin innsats for under 2. verdskrig. Les den dramatiske historia då Gestapo arresterte han her.

bilde-midtsiden

Sommaraction i Mobergsvikjo

22. juli 2017

– Eg er glad vi tok med badebukse, sjølv om vi skulle til Vestlandet, seier brørne Sondre og Vegard.

bilde-midtsiden

Seier nei til flytting

21. juli 2017

Hamnesjefen • Miljødirektoratet har avslått søknaden om å flytta knoppsvanene frå Oselvo til Tysnes.

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.

bilde-midtsiden

– Heile rommet blei ommøblert

21. juli 2017

Osingane Anders Grov og Madelen Bergesen Olsen var på Kos då ferieparadiset blei råka av kraftig jordskjelv.