Hadde full kontroll
Lysekloster hadde full kontroll mot Stord.
Sjølv om påsken har starta har ikkje alle tatt fri.
– Nei, vi nærmar oss seriestart og kan ikkje ta fri, seier Svein Kollen, sportsleg leirar i Lysekloster.
Torsdag tok dei i mot Stord til treningskamp heime på Edne. Stord tapte tidlegere i veka første kvalifiseringsrunde mot Os.
Full kontroll
Lysekloster tok kjapt grep om kampen og gjekk opp i leiing allereie etter eitt minutt då dei fekk straffespark.
– Vi tek grep om kampen og går til pause med 4-0. Førsteomgangen er total dominans av oss.
Lysekloster - Stord 5-0 (4-0)
Målskårarar Lysekloster. Truls Hovland 4, Hassan Rahmini, Stian Dyngeland, Rune Mo.
– Etter ein første omgang kor vi køyrer heilt over dei, blir andre omgangen eit stort gjesp.
– Vi har trent hardt den siste tida og det pregar oss utover i kampen. Det er mange tunge bein og vi klarer ikkje halde trøkket oppe. I tillegg har vi tre fire mann ute i dag, fortel Kollen.
Lysekloster har att ein treningkamp for seriestart. Den går mot Tertnes på heimebane laurdag 7. april.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.