Lokal | 02. juli 2014

Hadde sløkkeapparat frå 60-talet

Brannsjef Stein Gjøsund er rysta over serveringsstadene. – Det var fleire alvorlege manglar på sløkkeutstyr og rutinar.

Hadde sløkkeapparat frå 60-talet
Brannsjef Stein Gjøsund (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 02. juli 2014 09:50

Brannvesenet var ein av etatane som deltok på tilsynet hos fire av restaurantane/serveringsstadane i kommunen tysdag.

– Brannvesenet rapporterte om urovekkande funn, fortalde konstituert lensmann Audun Hadler-Olsen etter kontrollen.

– Det er rett. Her var det mangler både på organisatoriske rutiner, sløkkemiddel og rømningsvegar, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Visste ikkje kva dei skulle gjera

Verksemdene som blei kontrollert, er etter brannforskrifta pålagt eigenkontroll og ikkje blant dei objekta brannvesenet fører rutinemessig tilsyn med.

– Ein samla tverretatleg kontroll som dette var veldig positivt kor vi raskt og effektivt fekk kontrollert fleire tilhøve som vil bli følgt opp i ettertid.

– Når det gjeld tinga vi fann, så går det organisatoriske på ting som at dei ikkje har rutinar for korleis dei tilsette skal opptre om lokalet fyllest med røyk eller det byrjar brenna.

– Kor skal dei leia gjestene og korleis sløkke ein brann fantes det dårleg med instrukser på i verksemdene.

– Det går på intern kontroll og er noko vi vil følgje opp gjennom pålegg og nye tilsyn, forklarar brannsjefen.

Brannslukningsapparat frå 60-talet

Heller ikkje sløkkeutstyret var som det skulle alle stadar.

– På den eine plassen fann vi eit brannsløkkeapparat frå 60-talet.

– Ein anna stad var apparatet sist kontrollert i 2003.

– Bedrifter har plikt på seg å få kontrollert desse årleg, i motsetning til deg og meg, som har krav om det kvart femte år.

Rømningsveg som lager

Eit anna punkt brannvesenet la merke til var dårleg merka og dels sperra rømningsveger.

– To av stadene mangla godkjent merking av rømningsveger.

– Ein stad hadde merking, men skjult bak ei gardin.

– Eit nytta òg rømningsvegen som lager og hadde sperra den med bord som ikkje var i bruk.

– Dei fekk pålegg om å ordna dette i løpet av eit par timer. Då eg var tilbake seinare på kvelden hadde dei tatt tak og fjerna borda og fått nytt sløkkeapparat kom på plass.

– Oppsummert så opplever eg at dei stadene vi hadde tilsyn på ikkje har den fokusen på branntryggleik som dei skal og bør ha, oppsummerer Gjøsund.

Heng saman

På oppfordring rådar brannsjefen osingar til å leggje merke til korleis verksemdene ter seg i høve branntryggleiken.

– Kast eit blikk etter rømningsvegar når du kjem inn i lokalet.

– Er dei merka og frie? Eg tenkjer som så at har dei ikkje fokus på tryggleiken til gjestane, så manglar dei noko grunnleggande.

– Det heng gjerne samen med serviceinnstilling og korleis dei ser på dei andre forholda som til dømes hygiene også, analyserer brannsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.