Sport | 15. nov. 2016

Hafsås signerte ny kontrakt med Os

Han spelte berre 6 av 26 kampar i år, men briljerte i serieinnspurten. I går signerte Christoffer Hafsås ny kontrakt med Os Fotball.

Hafsås signerte ny kontrakt med Os
Christoffer Hafsås skåra to mål og skaffa straffe til Os i den avgjerande 2-5-sigeren mot Sotra i serieavsluttinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. nov. 2016 09:38

Christoffer Hafsås frå Nordfjord har spelt for blant anna Førde og Fyllingsdalen. Før han kom til Os i vinter hadde han hatt 1,5 år pause, og mykje av sesongen blei prega av skadar.

– Eg hadde strekk på baksida av låret to gongar, elles var det ein del småskadar. Det var i periodar tungt å koma på Kuventræ og gå på styrkerommet mens dei andre var på banen, innrømmer han.

Samtidig gler han seg over det han fekk til i serieinnspurten.

Hafsås spelte to av sesongens fire siste kampar:

• Mot Arna-Bjørnar skåra han tre mål og hadde to assist på éin omgang (Os vann 8-1 etter å ha leia 6-0 til pause).

• I avgjerande bortekamp mot Sotra i siste runde sette Hafsås inn 0-1, skaffa Sotra-utvising og Os-straffe som Kanestrøm sette inn til 0-2, og skåra 2-4-målet og feira i bar overkropp då Os berga plassen i 3. divisjon (vann 2-5).

– Det var godt å føla at eg kan bidra og eg er takksam for at Os vil ha meg med vidare. No vil eg gjera mitt beste med forebygging og trening så eg kan vera meir til nytte i 2017.

– Ikkje tvil om at han kan spela fotball

Spelande hovudtrenar Hassan El Fakiri er nøgd med signeringa.

– Det er ikkje tvil om at Christoffer kan spela fotball, eller at han har målteft.

– Viss vi klarer å gjera ein god jobb med han, og han gjer ein god jobb med seg sjølv, så kan vi ha mykje glede av han i sesongen som kjem.

Hafsås har teikna ny eittårskontrakt med klubben, men El Fakiri håper det kan bli fleire år med nordfjordingen i stallen.

Har hatt fire gjestar på trening

El Fakiri seier størstedelen av stallen blir som i år og at det meste er på plass.

Årets spelar, Marius Mikkelsen, har signert toårskontrakt, Erik Kanestrøm er òg blant dei som er med vidare.

– Vi har hatt fire spelarar frå andre klubbar i trening med oss denne første veka etter vi hadde to veker fri.

Dette er to keeperar og to utespelarar.

– Eg håper vi har eit par brikker til på plass i løpet av november, men det ser allereie bra ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.