Kultur | 30. okt. 2014

Hallo&Vin på Halloween

Det er på Haugland det skjer på Halloween, når Studio E39 fredag er klar med si første offisielle framsyning Hallo&Vin.

Hallo&Vin på Halloween
Heidi Tronsmo gler seg til Hallo&Vin fredag. Nokre av instrumenta er laga av gjerdestolpar og graskaret har ho dyrka sjølv. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandtorsdag 30. okt. 2014 19:57

Det er hektisk stemning ute på Haugland og i Studio E39 torsdag. Fredag 31. oktober har nemleg ekteparet Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland sitt første offisielle arrangement i studioet.

Saman med dottera Ragnhild, som er kveldens einmannsorkester, og kjærasten hennar, som står for lyd og lys, så inviterer dei på framsyninga Hallo&Vin i høve Halloween.

– Eg har hatt ein del performances med poteter fleire stadar i landet, i samband med grunnlovsjubileet.

– Etter at eg byrja å dyrka graskar i hagen tenkte eg; «kvifor ikkje laga graskarsuppe og framsyning»?

– Er ikkje poteta norsk?

Det blei starten på planlegginga av Hallo&Vin. I framsyninga tar Tronsmo publikum med på ei reise der dei blant anna får høyra om potetkrisa i Irland, krisa som fekk folk til å emigrera til USA, og med seg hadde dei ein tradisjon kalla All Hallows Eve.

– Eg snakkar mykje om opphavet til Halloween, mange trur det er USA tradisjonen kjem i frå, men den er faktisk europeisk.

– Det er som med poteta, som vi trur er norsk, men alt kom her utanfrå ein gong i tida.

Den siste månaden har Tronsmo og familien brukt tida på å tenkja ut konseptet, laga tekst og musikk og bilde til storskjerm.

Fleire av instrumenta er sjølvlaga, blant anna eit klokkespel laga av gamle gjerdestolpar og tønner.

Suppe med digg

Det er godt å koma tilbake til det nære etter å ha vore med på store framsynigar som Havfest, der det var 150 personar involverte.

– Men sjølv om det er ei lita framsyning så blir det ikkje minimalistisk, det klarer eg ikkje, seier Tronsmo og ler.

– Vi er i rute, men vi kjem til å halda på til siste slutt, det eineste eg er litt spent på er suppa.

– Men eg har funne ei oppskrift med mykje digg i, så ho kjem nok til å bli veldig god.

Mottakinga har vore fin

Tronsmo fortel at Hallo&Vin er ein blanding av framsying, konsert og kåseri, og kanskje det kjem ei flygande flaggermus eller to.

Mottakinga har vore veldig god og Tronsmo fortel at folk ringer og reserverer plass.

– Folk kjem langveis frå, eg får mellom anna besøk frå mor mi frå Østerdalen, som kjem for å sjå.

– Eg håper dette blir ein avslappande kveld med suppe og vin, og der folk kan bli så lenge dei måtte ønskja.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.