Lokal | 24. sep. 2014

Hamna nesten i vatnet

Bil av vegen på Hetleflåten. Stolpe knakk, bilen hamna nesten i vatnet.

Hamna nesten i vatnet
Brannvesenet inspiserar bilen som stoppa berre meter frå vatnet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 24. sep. 2014 17:11

Bildeserie:

Bilen knakk stolpen og hamna på nedsida av jordet (foto: AH)
Bilen knakk stolpen og hamna på nedsida av jordet (foto: AH)
Ein lyktestolpe knakk (foto: AH)
Ein lyktestolpe knakk (foto: AH)
Bilen fekk hard medfart (foto: AH)
Bilen fekk hard medfart (foto: AH)
Politi, brann og ambulanse rykte raskt ut på melding om ulykke (foto: AH)
Politi, brann og ambulanse rykte raskt ut på melding om ulykke (foto: AH)
1 av 4
Bilen knakk stolpen og hamna på nedsida av jordet (foto: AH)
Ein lyktestolpe knakk (foto: AH)
Bilen fekk hard medfart (foto: AH)
Politi, brann og ambulanse rykte raskt ut på melding om ulykke (foto: AH)

Omlag klokka 18.20 onsdag ettermiddag køyrde ein bil av vegen på Hetleflåten like nord for Os sentrum. Bilen knakk ein stolpe på vegen og stoppa berre få meter frå vatnet i Skogavika.

Bilen køyrde nordover i retning Bergen. Ulykka skjedde like etter der 70-sona starter frå Os.

– Det har etter forholda gått bra med føraren.

– Han var oppegåande og lite skadd, men blei tatt med til ein sjekk av helsepersonell, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Hund stakk

I bilen var det også ein hund.

– Det var berre føraren og hunden i bilen.

– Kor hunden er veit vi førebels ikkje. Den stakk etter ulykka.

Søk etter hunden pågår i området.

Ikkje mistanke om promille

Korleis ulykka skjedde er framleis uvisst.

– Vi veit ikkje meir enn det vi ser på staden.

– Er det mistanke om promille?

– Nei, vi har ikkje mistanker i den retninga, avsluttar politiet.

Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut på melding om trafikkuhellet. Trafikken blei raskt dirigert forbi ulykkesstaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.