Lokal | 19. jan. 2018

Hamnesjefen-advokaten var ikkje gratis likevel

Svanehjelpen sendte innsamla pengar i retur. Så kom rekninga.

Hamnesjefen-advokaten var ikkje gratis likevel
Knopsvanehannen Hamnesjefen fekk eigen advokat. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. jan. 2018 08:02

Torsdag 3. august blei knopsvanehannen «Hamnesjefen» avliva.

Rundt nyttår fekk Svanehjelpen, ei gruppe motstandarar som jobba for å hindra avliving, faktura frå advokaten dei trudde jobba gratis.

– Eg hadde høyrd via andre at han jobba gratis. Då eg etterlyste faktura fekk eg som svar at dette kom til å ordna seg, seier Trude Bahus til BA.no (abo).

Innsamla 30.000 kroner blei betalt tilbake til gjevarane og kontoen blei avslutta.

Men advokaten, Per Magne Kristiansen, avslutta ikkje saka før nærmare jul, og sendte rekning på 12.500 kroner. Han seier til BA at han undrast over at han aldri blei spurd rett ut kva han skulle ha, men legg til at han ikkje vil forfølga saka ovenafor Svanehjelpen. Han håper likevel han kan få dekka noko av beløpet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.