Sport | 21. apr. 2014

– Han er utruleg verdifull for oss

Erik Kanestrøm skåra på frispark og hadde målgjevande pasning då Os vann 2-1 i seriestarten på bortebane.

– Han er utruleg verdifull for oss
Erik Kanestrøm hadde både skpring og målgjevande pasning i dagens 2-1-siger. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. apr. 2014 20:06

Os starta i dag serien på bortebane mot Varegg. I vinter tapte Os for Varegg (3-4) i ein treningskamp, der Os stilte med to ulike lag i kvar omgang.

I dag tok dei leiing etter knappe fem minutt.

– Erik er veldig stødig på frispark, han viser det igjen og igjen, seier trenar Jørn Vegard Berge.

Varegg - Os 1-2 (1-2)
Målskårarar, Os: Erik Kanestrøm og Roar Vestbø.

Os (4-3-3): Frode Moberg Øvredal - Torkel Hjertnes, Børge Borgen, Dani Alvær Bergstø, Glenn Krossøy - Mats Lepsøe (Håkon Kvittingen), Erik Kanestrøm, Stian Lunde - Mats Cato Moldskred, Ørjan Glesnes (Sander Kvittingen) og Roar Vestbø.

Kanestrøm er ikkje berre stødig på frispark.

– Han er utruleg rask og flittig. Han hadde også målgjevande pasning då han spelte igjennom Roar Vestbø, som sette inn 1-2 fem minutt før pause.

– Erik og Børge er dei to eg vil trekka fram etter dagens kamp, seier Berge.

Kvar sin omgang

Os-trenaren er nøgd med første omgang, men seier Os var heldige som tok full pott etter ein svak andreomgang.

– Vi starta enormt bra og pressa heile førsteomgangen. Varegg skåra på sin første sjanse, mens vi skapte mykje og burde ha leia meir til pause.

– Men i andre omgang overtok Varegg. Vi var litt sirup, kom for seint i press og var litt halvhjarta, såg det ut som.

– Eg er glad vi fekk tre poeng, det var ein god og viktig start. Men Varegg er gode og vi må prestera betre gjennom 90 minutt enn det vi gjorde i dag, meiner Jørn Vegard.

To heimekampar denne veka

Os speler NM-kamp på Kuventræ mot Vard Haugesund torsdag (kl 18).

Vard Haugesund starta i dag serien med 2-1-siger over Stord i 2. divisjon.

Søndag (kl 16) tar Os imot Lysekloster til andre serierunde.

Sjå terminliste og tabell, 3. div. avd. 7.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.