Lokal | 13. jan. 2018

– Han forsto sjølv at det såg dumt ut

Politiet reagerte då nokon sto og hoppa på eit bilpanser. Det viste seg at eigar av bilen var med på det.

– Han forsto sjølv at det såg dumt ut
(Arkivbilde/ill. bilde. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. jan. 2018 08:21

Politiet fortel om ein roleg fredag og natt til laurdag i Os.

Men i løpet av natta hadde dei ei avskilting av litt spesiell karakter.

– Patruljen oppdaga at nokre ungdomar sto og hoppa på eit bilpanser, fortel Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Dette skjedde på ein av parkeringsplassane ved Esso.

Det viste seg at bileigar var med på å gjera hærverk på eigen bil.

– Han hadde fått muntleg køyreforbod tidlegare på kvelden. Kvifor dei bestemte seg for å øydelegga bilen, veit vi ikkje, men dei forsto at det kunne sjå dumt ut for forbipasserande.

Bilen blei avskilta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.