Kultur | 25. mars 2016

Han serverer lyden av Aurora

Det starta med at Paul Inge Vikingstad sendte ei åtvaring til Aurora. No reiser han verda rundt som lydmann for stjerna frå same bygd.

Han serverer lyden av Aurora
Paul Inge Vikingstad, her under Aurora-konserten i Oseana i februar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. mars 2016 17:51

«I've attended way over a thousand concerts in my life (so far) and after that you learn to appreciate good sound during a concert. Well, tonight was one of those nights I couldn't believe my ears» skriv den nederlandske musikkmeldaren Peter Heuts på Facebook.

Heuts er ikkje åleine om å dela ut skryt til Aurora sin lydmann, Paul Inge Vikingstad, også han frå Os.

«Lyden er omtrent så perfekt som det går an å få til – ikke minst takket være hennes faste lydmann Paul Inge Vikingstad som strengt tatt er et uunnværlig anonymt medlem av bandet» skriv Engelen i BT i sin rapport frå rekordkonserten i Oseana i februar (sjå video frå konserten).

Men korleis fekk Paul Inge og Aurora kontakt?

«Ikkje signér med den første og beste»

Det er berre litt over tre år sidan Aurora si første låt blei lasta opp på Urørt og to år sidan ho fekk terningkast 6 av VG for Bylarm-konserten. Det var etter denne riksdekkande merksemda at Paul Inge Vikingstad blei del av bandet til Aurora. Men første dialog var litt i forkant av dette.

Paul Inge sat heime i huset sitt på Lekven og sendte ei melding via Facebook. Årsaka var at han hadde sett eit videoklipp av unge Aksnes som spelte gitar på ei skuleavslutting.

– «Eg synest du er flink. Ikkje signér med den første og beste. Eg har kontaktar» skreiv eg. Ho sendte meg svar der ho takka høfleg, og har heldigvis kome under gode vinger, men det er nok ikkje takka vera denne meldinga, seier Paul Inge og ler.

Vikingstad, som blant anna har fartstid som bassist i det tidlegare Os-baserte ORBO-bandet The Longshots, hadde for to år sidan nyleg byrja å jobba som fast lydmann på Madam Felle. Nærmast samtidig tok to musikarar han kjenner, og har spelt med før, Odd Martin Skålnes og Magnus Skylstad, kontakt. Dei ville ha god lyd til den gryande stjerna dei hadde byrja å spela for. Dermed blei han ein fast del av bandet.

Via Kristiansand til Os

30-åringen Paul Inge kjem frå Karmøy og har alltid vore opptatt av god lyd, men ikkje på det tekniske plan.

– Eg blei tidleg opptatt av kvalitet på lyd i form, men ikkje på anna nivå enn kva som kom ut av høgtalarane. Det var først med Orbo at fagkunnskapen tvang seg fram. Vi brukte mykje pengar på lydmenn i situasjonar der det ikkje var naudsynt. Så blei det til at det ansvaret stadig oftare blei mitt bord.

Heilt utan teoretisk musikkunnskap er han likevel ikkje. Vikingstad sette seg tidleg som mål å leva av musikk, til foreldra si store fortviling. Han fekk ikkje lov å velja musikklinje, i staden blei det matte, fysikk og kjemi.

Men så kom han inn på Kristiansand Musikkkonservatorium. Han speler fleire instrument, men bass har alltid vore hovudinstrumentet.

Etter at han tok bachelorgrad i Kristiansand gjekk turen til Bergen. Vikingstad hadde blitt invitert med i bandet til Odin Staveland, som seinare blei del av Vamp. Så sto The Longshots for tur og Paul Inge flytta til Os.

På fulltid

Heilt frå han var eit par og tjue år har musikk vore hovudinntektskjelda, dei siste tre åra har musikk vore fulltidsgesjeft.

Paul Inge rakk å spela Rikskonsertar med William Hut før han fekk fast jobb på Madam Felle, ein jobb han «teknisk sett» framleis har.

Han bur framleis på Lekven og set pris på utsikta mot Folgefonna og atmosfæra i Os når han, stadig sjeldnare, er heime for eit pust i bakken før ny tur med Aurora. (Nei, han sit ikkje og ser på Fonna i påsken, han er på oppdrag på ein festival i Sogn).

– Ei takknemleg oppgåve

Etter TV-suksess på Jimmy Fallon og to smikkfulle suksesskonsertar i Amsterdam og Berlin går turen snart til USA igjen for start på Aurora sin meir eller mindre utselte turné på tre veker.

– Er det skummelt å ha ansvar for lyden til ein musikar som har blitt så stor?

– Det kan vera krevjande når du i tillegg til eit stort ansvar kjem til nye rom og nytt utstyr.

– Men Aurora syng så reint og klart at det er ei takknemleg oppgåve!

«Superb drums, superb bass, superb vocals and even superb silences (no buzzing or humming: just silence). Oh: the concert was superb too. Norwegian, very young, AURORA. No wonder she sells out so many places. Unforgettable!!!» held nederlandske Peter Heuts fram.

– Aurora og resten av bandet og apparatet rundt er ein fryd å vera på tur med. Vi har det veldig kjekt saman anten vi er i Montenegro eller Island. No ser eg berre fram til nok ein USA-tur, seier Paul Inge Vikingstad.

Les òg: Rett til topps på VG-lista

Midtsiden følgjer: Aurora

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.