Lokal | 30. aug. 2015

– Han var ikkje vanskeleg å finna

I natt rykte politiet ut på melding om slåsting i Øyane, i går kveld tok dei ungdomen som løyste ut brannalarmen på AMFI ved å svi gummi.

– Han var ikkje vanskeleg å finna
Politiet har tatt lappen frå ein 18 år gamal gut etter at burning i kjellaren løyste ut brannalarmen og førte til evakuering. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. aug. 2015 07:20

Laurdag litt før klokka 16 ble Amfisenteret evakuert grunna brannalarm. Det viste seg at burning truleg var årsaka til at alarmen var løyst ut.

– Syndaren var ikkje så vanskeleg å finna, det er overvakingskamera fleire stadar på senteret, også i parkeringskjellaren, seier politiførstebetjent Christine Grindstein.

Mistenkte, ein 18 år gamal gut, er meldt. Det er tatt beslag i førarkortet hans.

Skadd i slåstkamp

I 00.30-tida natt til søndag fekk politiet melding om slåsting på ein privat ungdomsfest i Øyane.

– Ein av dei blei skadd, men det var ikkje så alvorleg. Vedkomande vurderer, saman med foreldra, om episoden skal meldast.

Det skal ha vore fleire involvert. Politiet kom til staden ei stund etter at det hadde skjedd.

Klagde på støy

Laurdag kveld, klokka 23.30, fekk politiet klage på støy frå naboar til Solsiden. Det var rigga telt utanfor i samband med Dragebåtfestivalen, men naboane ville tydelegvis ta tidleg kveld.

– Musikken blei dempa og det ordna seg, fortel politiet.

I 3-tida kom politiet over ein full person. Han fekk først pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum, men så kom venar og tok hand om han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.