Lokal | 22. feb. 2015

Handla på gullkort – i andre sitt namn

Han fekk over 100.000 kroner i kreditt før leken var over.

Handla på gullkort – i andre sitt namn
Bergen tinghus. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. feb. 2015 07:56

Ein mann på rundt 30 år frå Os er tatt for å svindla for over 100.000 kroner, og for tjuveri av varer for over 4000 kroner.

Sikta fekk oppretta fleire kredittkort i ein kvinneleg slektning sitt namn, blant anna sikra han seg eit visakort i gull som han brukte å handla for.

I tillegg er han tatt for fleire tjuveri frå Elkjøp på AMFI Os, til saman stal han fem MP3-spelarar og ein minnepenn, verdiar for 4.200 kroner.

Han innrømte alt i avhøyr og møtte i retten og tilsto då saka hans var oppe i Nordhordland tingrett 16. februar.

Slepp å sona

Då tilfella av svindel er frå tilbake til 2011, og etterforska ferdig på kort tid, og tjuveriet var frå 2012, vurderte retten at både tilståinga og tida det har tatt med å få saka opp, gjorde at sikta kunne få fengselstraffa på vilkår.

Sikta blei dømt til fengsel i 45 dagar. Straffa blei utsett på vilkår med prøvetid på to år.

Han må også betala 10.332 kroner tilbake og 317 kroner i renter til ein bank.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.