Kultur | 06. aug. 2017

Hans-Marius vann prestisjetung cup

Under Notodden Bluesfestival vann HM Johnsen prestisjefylte Union Blues Cup. No ventar over 40 spelejobbar og fleire utenlandsturar.

Hans-Marius vann prestisjetung cup
Jeroshan Daniel Alexander, Hans-Marius Johnsen og Sigmund Vestrheim spelte og vann Union Bluescup på Notodden (foto: Norsk Bluesunion)
Andris Hamresøndag 06. aug. 2017 08:53

Notodden Bluesfestival, blei i år arrangert for 30. gong. Som ein del av festivalen arrangerer Norsk Blues Union, ein sjangerorganisasjon for norske blueskklubbar og bluesfestivalar, Union Blues Cup.

Då organisasjonen ikkje hadde kvalifisering i Bergensområdet fekk HM Johnsen og bandet moglegheiten til å melde seg på direkte på Notodden.

– I tillegg til ein vanleg gig under festivalen deltok vi i cupen. Vi spelte eit sett fredag for ein jury og eit nytt laurdag for ein ny jury, fortel Hans-Marius Johnsen, i bil på veg heim frå Notodden til Os.

Blei overraska

Etter laurdagens siste speling gjorde Hans-Marius og bandet seg klare til å pakke saman og forlate festivalen.

– Vi var eigentleg på veg ut, då vinnaren skulle kårast og vi fekk beskjed om å koma inn att. Det kom litt ut av det blå at vi blei kåra som vinnar, fortel ein glad Hans-Marius.

Festival i Tyskland og tur til Memphis

Premien i cupen er over 40 spelejobbar på ulike bluesklubbar rundt i Noreg, pluss spelejobb på festival i Tyskland og ein tur til Memphis.

– Det var utruleg kjekt å vinna. Vi er 2018-vinnaren, så spelejobbane blir i 2018.

– Kva betyr det for karriera?

– Det er ein kjempeboost. No får vi alt tilrettelagt for oss og jobbane står i kø. Det er klart at det gjer det lettare å få vist seg fram. Det er rett og slett heilt fantastisk, avslutter Hans-Marius Johnsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.