Sport | 04. jan. 2018

Håper landslagssuksess gir auka rekruttering

No inviterer handballklubbane i Os igjen til Guttehandballdagen.

Håper landslagssuksess gir auka rekruttering
Tøffe gutar speler handball. Her frå guttehandballdagen i 2016 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 04. jan. 2018 14:26

I kveld speler Noreg mot Frankrike i Golden League, oppkøyringsturneringa til EM i Kroatia som startar fredag i neste veke. I morgon opnar guttehandballdagen for påmeldinga til årets guttehandballdag som blir arrangert i Oshallen og Nore Neset aktivitetshus fredag 2. februar, når skulane har planleggingsdag.

– I kveld blir det å benka seg framfor TVen saman med gutane for å sjå dei fantastiske førbilda vi har i herrelandslaget. Det at handballgutane har tatt steget og no speler finaler i EM og VM har utruleg mykje å seie for rekrutteringa til handballen på gutesida.

– Guttehandballdagen er eit rekrutteringstiltak, kor både dei som speler handball frå før, og dei som har lyst til å prøva seg er hjarteleg velkomen, seier Eirik André Hesthamar i arrangementskomiteen.

Tredje gang

Det er tredje gang handballgruppene går saman om å arrangera gutehandballdagen.

– Vi har plass til 150 gutar i 2005 til 2011-årgangane. Vi nyttar begge idrettshallane. Kven som blir kor, ser vi når vi ser kor mange som melder seg på i dei forskjellige årsklassane.

– Det er litt styr å arrangera det i to hallar, så vi ser fram til at den nye dobbelthallen på Kuventræ står ferdig, men vi kan garantera eit godt og trygt opplegg for gutane, bygd på den same lesten som vi har nytta tidlegare.

– Vi byrjar klokka 9 og held på til klokka 14. Det einaste gutane treng ta med seg er innesko og godt humør. Vi er så heldige at vi har fått KUP-midlar og jobbar med sponsorar, så ballar og t-skjorter er kjøpt inn til alle.

– I tillegg sponsar Lerøy oss med mat til lunsjen. Denne kjem i tillegg til frukten vi serverer i dei andre pausane, fortel Hesthamar.

Har gitt resultat

Hesthamar gler seg over at Søre Neset IL no også har starta med handball og at det er fleire gutar som er med og trenar der.

– Tilbudet er ope for alle gutar, men eg har spesielt lyst å ønskje gutane frå Søre Neset velkomen i år. Det er utruleg kjekt å sjå at gutehandballdagen, dei to åra vi har arrangert det tidlegare har gitt rekruttering. Sist vi hadde det kom det nye spelarar i alle aldersklassar frå seks til elleve år. Faktisk gjorde det at vi i år kunne melde på to lag i G12 i samarbeidsprosjektet mellom Os og Nore Neset.

– Eg trur sukessen til herrelandslaget hjelper oss med å vise at også tøffe gutar speler handball. Det blir kjekt å følgje dei no i Golden Leauge og i EM. I tillegg kjem dei jo til Sotra Arena i April. Dit er det mange av gutane frå Os og Nore Neset som har tenkt seg.

Instruktørar på gutehandballdagen blir trenarar og eldre gutespelarar i dei to klubbane.

– Framleis er vi ikkje mange nok gutar som speler i dei eldre årsklassene, så vi er glade for at også jentene hjelper oss, avsluttar Hesthamar med eit smil.

Påmelding opnar i morgon klokka 15 på heimesida til guttehandballdagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.