Nico & Vinz har vore på topp 10 i USA. Dei leverte varene til knappe tusen publikummarar på Osfest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Håper laurdag blir tre gongar så folksam

Bildeserie: Osfest-fredagen, band for band. – Eg trur det kjem langt fleire laurdag, seier festivalsjefen.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Årets Osfest starta klokka 18 fredag. Testpilot, som fekk ekstra merksemd då den eine låta deira slo Metallica og Kvelertak i kampen om kåring av «Årets Rockelåt 2016», hadde med seg eit ferskt album til Os, men fekk få å spela for.

Kream frå Os spelte på heimebane og var eit tydeleg trekkplaster. Publikum samla seg ved scenekanten, song med og dansa.

Unge Ferrari var kåra til årets nykomar av P3 i 2015, årets låt på P3 gull i 2016 og har turnert og spelt på fleire store festivalar i Norden. Jesper Jenset og ferrarien heldt koken oppe før Julie Bergan gjorde entré - og sette i gang eit forrykande show med hitparade og dansing som verkeleg fekk fyr i publikum.

Sjå video frå Osfest-fredagen

Så kom Nico & Vinz, eit av dei største namna som har spelt i Os. Nicolay Sereba og Vincent Dery har ikkje berre fått Spellemannsprisen, dei har vore inne på topp 10 i USA, spelt på amerikansk TV fleire gongar og låta «Am I Wrong» er streama nesten ein halv milliard gongar på Spotify.

• Midtsiden sendte alle banda sin entré direkte på Facebook.com/Midtsiden

Artistane leverte sterkt, fekk publikum med på allsong og dans og kom med låtane publikum hadde venta på - og testa ut nokre nye. 

– Vi har dessverre ikkje så stort publikum, men vi har eit veldig god publikum. Greit av vêret er dårleg, men mange har kledd seg godt og har fått fullt utbyte av kvelden. For osingane sin del skulle eg ønskt at fleire fekk dette med seg, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

– Kor mange er det her inne no, rundt 1000?

– Eg har ikkje eksakt tal. Knappe tusen, vil eg tru. Det er vanskeleg å veta, folk kjem og går til og frå sentrum.

Kan det koma 3000 i kveld?

Osfest hadde håpa på minst 2000 + 2000 desse to festivalkveldane.

– Vi har betre førehandssal til laurdag og vêrmeldingane er betre, eg trur det kjem mykje meir folk laurdag.

Det regnar i Os laurdag formiddag, men både Yr og Storm melder opphaldsvêr frå klokka 13 og sol frå klokka 17.

Så gjenstår det å sjå om Majorleap, som opnar festen klokka 17.30, får fleire å spela for enn Testpilot - og om lokale Mighty Magnolias får same trekkplaster-effekt som Kream hadde fredag.

Så følgjer Blest, Postgirobygget og Erik og Kriss.

Kvelden skal uansett avsluttast med eit brak, ved midnatt går TNT på scenen!

Fleire saker

bilde-midtsiden

Aalesund-tabbe kan sikra Os

16. oktober 2017

Os står i fare for nedrykk før siste runde, men ikkje om protest på denne mannen går i boks.

bilde-midtsiden

Til Os med tips - og litt tull

16. oktober 2017

Held foredrag for Fargerike: – Målet er at dei som høyrer på skal få nokre konkrete råd, men det viktigaste er litt glød, seier Einar Nilsson frå...

bilde-midtsiden

Å laga jul i nytt sentrum

16. oktober 2017

Blir det lyslenker over nyopplyst Øyro? Blir det plass til juletre på det nye torget?

bilde-midtsiden

Stenger for asfaltering

16. oktober 2017

Heile Midtsætervegen blir stengd på dagtid tysdag og onsdag for asfaltering.

bilde-midtsiden

«Tak» på tak i Os sentrum

16. oktober 2017

10 år etter førre paraplyprosjekt er nye utlånsparaplyar på plass mellom dei nye glastaka på Osøyro.