Sport | 19. mars 2013

Håper på 250 jenter

Jentefotballdagen blir arrangert av alle fotballklubbane i kommunen laurdag 27. april på Kuventræ. - Vi håpar på ein plass mellom 150 og 250 deltakarar, seier Eirik André Hesthamar.

Håper på 250 jenter
Eirik André Hesthamar frå Øyglimt håper dei skal klare å fylle dei to kunstgrasbanene på Kuventræ med jenter 27. april (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 19. mars 2013 15:04

Jentefotballdagen er eit fellesinitiativ som har kome frå alle dei sju fotballklubbane i kommunen. Ideen var det Kjetil Laasby på Søfteland som kom med etter å ha jobba med det same innan ishockey i Bergen Ishockey-klubb.

- Målet er å samle så mange som mogleg av dei omlag 500 jentene i bygda i alderen 6 til 10 år.

- I desse årsklassane har klubbane tilsaman 140 aktive spelarar, men vi ønskjer oss enno fleire og inviterar no til jentefotballdag på Kuventræ 27. april, fortel Eirik André Hesthamar som sit i arbeidsgruppa for Øyglimt.

Med seg i planleggingsarbeidet har han Elisabeth Djuvik Hanstvedt, Linda Johansen og Bjørn Mjelva frå Os Turn, Kine Lunde og Kari Fløysand Hjørnevik frå Søre Neset og Kjetil Laasby frå Søfteland.

Trening, turnering og disko

Dagen vil bli delt i tre fortel Hesthamar.

- Først har vi ei økt med registring og øvelsar, før vi legg opp til ei lita turnering etter lunsj.

- Det heile blir avslutta med jentedisko i Oshallen som vi velvillig har fått låna av Osbadet.

Dagen er gratis for deltakarane. Os kommune har stetta prosjektet med 10.000 kroner frå KUP-midlane.

- I tillegg stiller Meny, Bama og Peppes med mat til jentene, så dei skal ikkje lida nokon nød, smilar Hesthamar.

Dame og jentespelarar

Med eit potensiale på 500 jenter og eit håp om 150-250 deltakarar så er det ein stor jobb arrangørane har teke på seg.

- Vi veit nok ikkje heilt kva vi går til, men den som intet vågar, intet vinner.

- Vi har vore i kontakt med juniorjentene til Søre Neset og damelaget til Os Turn og håpar å få dei med på instruktørsida.

- I tillegg er vi jo mange jentetrenarar som kjem til å måtte ta i eit tak, seier Hesthamar som sjølv er trenar for Øyglimt jenter 8.

Stor interesse

Arrangørane distribuerte måndag flyers til alle jentene i kommunen via skulene. Også dei eldste jentene i barnehagane, dei som byrjar på skulen til hausten, er invitert til å delta.

- I dag tidleg hadde vi allereie 35 påmeldte, berre eit knapt halvt døgn etter at vi sendte ut lappane.

- På skulen til dottera mi var dette det store samtaleemnet i går, smilar Hesthamar.

Fleire jenter lengre

Det langsiktige målet til arrangørane er å få fleire jenter til å spele fotball lengre.

- Vi vil auke antal jenter som spelar fotball, hjelpe kvarandre med å starte jentelag og forhåpentlegvis auke antal jente- og damelag i kommunen på sikt.

- I tillegg ønskjer vi at gutar og jenter skal ha same moglegheiten til å spela fotball. Då trur vi egne jentelag er vegen å gå, fortel Hesthamar.

Påmeldingsfristen for å vera med har dei satt til 5. april. Meir om arrangementet og påmelding finn du på jentefotballdagen.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.