Lokal | 28. apr. 2016

Håper på offensive takter

Både ordføraren og varaordføraren lovde høgre fokus på næringsetablering i formannskapet etter Venstre sin interpellasjon om utval for å skapa fleire arbeidsplassar.

Håper på offensive takter
Komponist og lokalpolitikar Glenn Erik Haugland håper på nye takter innan næringspolitikken i formannskapet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 28. apr. 2016 11:59

I kommunestyremøtet hadde Glenn Erik Haugland (V) ein interpellasjon (spørsmål til ordføraren, som kan debatterast og fattast vedtak i uten ordinær sakshandsaming, journ.mrk) om oppretting av eit eige utval for å stimulera til fleire arbeidsplassar.

Les heile interpellasjonen her

– Eg er heilt einig i intensjonen i auka fokus på næringsetablering. Det ligg til grunn i samtlege parti sine program og også tilsettinga av næringssjefen.

– Eg er imidlertid skeptisk til eit eige utval. I delegasjonsregelmentet vårt har vi gitt formannskapet dette. I næringslivets kvarter kan både politikarar og administrasjon ta opp saker knytt til næringsetablering. Det er naturleg at formannskapet ser på korleis ein jobbar når den nye næringssjefen tek til i august. Ein kan til dømes sjå på om vi skal ha ein fast post der næringssjefen møter i formannskapet. Eg tilrår difor ikkje å støtte framlegget, men at vi intensiverer fokuset i formannskapet på næringsetablering, svara ordførar Terje Søviknes (Frp) på interpellasjonen.

La formannskapet gjera jobben

Søviknes fekk støtte i den vurderinga frå både Espen Aspenes (Frp) og Jakob Enerhaug (KrF).

– Eg vil berømme hensikta med forslaget, men trur det er lurt å avventa til næringssjefen kjem. Eg trur han har idear og kan koma med verktøy for ei ny satsing. La formannskapet vera eit arbeidsforum og kom gjerne til oss i kommunestyret slik at også fleire får vera med, kommenterte Enerhaug.

– Dette er ikkje eit dårleg forslag. Haugland har satt eit viktig tema på agendaen. Gjennom tilsettinga av næringssjefen har vi det på agendaen, men dette er eit spark til formannskapet og rådmannen om å jobba enno meir aktivt med næringspolitikk i formannskapet, konkluderte varaordførar Marie Bruarøy (H).

Haugland var ikkje overraska over at forslaget ikkje gjekk igjennom, men var nøgd med å ha sparka i gang ein debatt.

– Eg håper vi no ser andre og meir offensive takter, avslutta Haugland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.