Sport | 11. mai 2015

Håper på speletid i Haugesund

Mats Lepsøe herjar på Os 2, som har skåra 11 mål på 2 kampar. I kveld er han i troppen for A-laget borte mot Vard Haugesund 2.

Håper på speletid i Haugesund
Mats Lepsøe, her i kamp for Os 2 mot Lysekloster 2 i serieopninga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. mai 2015 13:32

I 5. divisjon har Lysekloster 2 og Os 2 hatt motsett start på sesongen.

Lysekloster 2 starta med to sigrar og følgte opp med to tap. Os 2 tapte to før dei vann 5-1 og 6-5.

– Det kjem til å bli litt opp og ned med andrelaget denne sesongen. Har vi nok A-lagsspelarar ledige så slår vi dei fleste, har vi ikkje så blir det ringerunde til vikarar som er heilt eller delvis utan trening, seier Tore Nielsen frå Lysekloster.

– Vi har spelt ut alle og skapt enormt med sjansar. Også borte mot Norheimsund, der vi leia 2-0 og gjekk på eit surt tap. I ein del av kampane har vi dessverre vore litt for svak i begge endane av banen. Men samla sett ser det veldig bra ut, seier Os 2-trenar Odd Jarle Hjelle.

I førre kamp, fredag borte mot Laksevåg, snudde dei 5-3 (etter to straffar imot) til siger 5-6.

Kaptein Mats viser veg

Hjelle seier at suksessfaktoren for Os 2 har vore høgt tempo, overtalsspel og stor sjanseproduksjon, spesielt på innlegg.

– I enkelte kampar har vi hatt med 7-8 frå A-stallen, i andre éin til to. Ein stor del av laget vårt består av 98-årgangen, som er førsteårs junior, og dei speler fint i lag.

To frå A-stallen som har spelt mykje med andrelaget er Mats Lepsøe og Joakim Hovden.

– Dei har vore viktige og dei speler veldig fint saman med ungdomen. Mats er kaptein, har skåra to mål i begge dei siste kampane, den siste som midtstoppar, der han sette inn dei to siste. Eg får veldig fine tilbakemeldingar på Mats frå ungdomane.

– Vurderte å trappa ned

Sjølv fortel Mats at han for ei stund sidan vurderte å trappa litt ned med fotball.

– Det er litt uvant når eg spelte så mykje med A-laget i fjor, og konkurransen på midtbanen er hardare.

– Men så bestemte eg meg for å gje gass og halda trøkket oppe på trening. Eg trivst godt saman med den fine juniorgruppa og vil halda fram med å gjera mitt beste der og samtidig kjempa om speletid i 3. divisjon, seier Mats.

Måndag kveld speler både Os og Lysekloster sine A-lag borte, Lysekloster mot Fyllingsdalen 2, Os mot Vard Haugesund 2.

– Eg er med i troppen og håper eg får meg nokre minutt med A-laget i Haugesund, seier Lepsøe.

Onsdag kveld speler både Os 2 og Lysekloster 2 på heimebane.

Terminliste og tabell, 5. div. avd. 1 Hordaland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.