Sport | 06. des. 2016

Har 10.000 kroner som «ingen» vil ha

Kjøpte du kalender hos Os Fotball for eit år sidan? Då kan den vera meir verdt enn du først hadde trudd.

Har 10.000 kroner som «ingen» vil ha
Denne har nummer 0762. Har du ein med nummer 0826 bør du melda deg snarast og innan 15. desember. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. des. 2016 15:03

I fjor som åra før selte Os Fotball kalender med ulike Os-motiv.

Spelarar på dugnad skaffa inntekter til klubben, mellom 900 og 1000 kalenderar blei selt.

– Også kjøparane kunne få seg ei form for inntekt, fortel dagleg leiar Endre Brenne.

Vinnaren har ikkje meldt seg

Kalenderane er nemleg nummererte, med eit gåverkort på 10.000 kroner hos sponsor MX Sport som premie.

– Trekninga blei tatt 1. desember, og opplyst om via våre kanalar, men ingen har meldt seg.

På framsida av kalenderane er eit firesifra tal, vinnarnummeret er 0826.

Set frist til 15. desember

Om du er ein av dei som har kalenderen du kjøpte hengande på veggen, eller liggande ein plass, så bør du sjekka kva nummer du har.

– Vi har sjølv sjekka heile restopplaget, og vi har ingen med dette nummeret. Vinnarkalenderen er der ute ein stad.

– Kva om ingen melder seg?

– Vi set fristen til 15. desember. Om vinnaren ikkje sjekkar dette no, så blir det nok aldri gjort, då får vi trekka ut ny vinnar før folk skiftar ut kalenderane sine med ein for 2017.

– Med andre ord; ikkje kast kalenderen din sjølv om det nærmar seg nytt år - det KAN koma ei ny trekning!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.