Lokal | 19. mai 2017

Har 1,8 milliardar i gjeld

Den langsiktige lånegjelda til Os kommune aukar. Fordelt på innbyggjarane skuldar no kvar av oss omlag 90 000 kroner.

Har 1,8 milliardar i gjeld
Os kommune si langsiktige lånegjeld har auka frå 1,55 milliardar til 1,80 milliardar frå 2015 til 2016 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 19. mai 2017 09:47

Det kjem fram i tilbakemeldinga frå Fylkesmannen i Hordaland på Os kommune sitt budsjett for 2017.

– Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld per 31.12.2015 for kommunane samla i fylket, utanom Bergen, til kr. 73.804,- per innbyggjar. I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen er kr. 78.739,-.

– Låneopptak i 2016 har no auka gjelda pr. innbyggjar med om lag 11.000,- pr innbyggjar, skriv Fylkesmannen i tilbakemeldinga.

– Stemmer dette, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG) då formannskapet hadde tilbakemeldinga til handsaming tysdag.

– Det er ikkje eit tal eg har i hovudet, men står det i fylkesmannen sine papirer så pleier det å vera rett. Vi måler helt gjelda i prosent av brutto driftsinntekter, men fylkesmannen pleier å ha kontroll, svara økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas.

Fyller lovkrav

Nøttseter peika på at fylkesmannen kommenterer i si tilbakemelding at gjelda auker meir enn inntektene.

– Det står at gjelda auker meir enn inntektene. Det gjer meg litt uroa. Fylkesmannen meiner vi ligg lågt i avdragsbetalinga, kommenterte Nøttseter.

– Dette er noko fylkesmannen har kommentert i fleire år, og det stemmer forsåvidt. Vi ligg lågre enn det fylkesmannen tilrår, men vi ligg godt innanfor det som er loven sitt krav. Vi betaler i gjennomsnitt 3,75% i avdrag. Det er fullt mogleg å justere på i budsjette, men det er jo ein balansegang mellom kor mykje vi skal bruka på avdragsbetaling opp mot kor mykje vi skal nytta i tenesteområda, svara Kaalaas.

Kommunen si langsiktige lånegjeld var per 31.12.2016 på 1,80 milliardar kroner mot 1,55 milliardar året før.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.