Politiet søkte med hund etter utforkøyringa, men har no gjeve opp søket etter at bilførar, via andre, har gjeve livsteikn frå seg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Har avslutta søk på Røykenes

Dette veit politiet om bilførar.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter at ein bil køyrde utfor E39 Byvegen og delte ein lyktestolpe i to, blei det søk med blant anna hundepatrulje etter bilførar.

Ulykka skjedde på Røykenes i 16-tida.

Ifølgje vitne stakk vedkomande til skogs. Bilførar blei skildra som ein kraftig bygd mann i 40-åra.

– Vi har no avslutta søket etter sakna, seier operasjonleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt til Midtsiden.

– Bilførar er framleis ikkje funnen, men vi har opplysingar om at han har kontakta andre via telefon, og at han ikkje skal vera skadd eller i nød. Vi reknar med at han av ein eller annan grunn har stukke frå staden for å unngå å koma i kontakt med politiet.

Har ikkje førarkort

Politiet ønskjer framleis å koma i kontakt med vedkomande.

– Vi kjenner identiteten hans, seier Geitle.

Politiet vil ikkje seia kvar mannen er frå, men seier han ikkje var ein langvegsfarande, men truleg er kjent i området der ulykka skjedde.

– Har han førarkort?

– Nei, han har ikkje gyldig førarkort. Å stikka frå ein skadestad, og å setja i gang eit stort apparat som søkjer etter deg, er langt meir alvorleg enn å køyra utan førarkort.

Ifølgje BT var sju hundeekvipasjar med i søket, frå politiet og frå Norske Redningshunder. Os brannvesen hadde òg drone i lufta i forsøk på å finna mannen.

– Er det mistanke om at bilen er stolen?

– Nei, det er ingenting som indikerer at bilen var stolen.

Politiet veit ikkje om bilførar var rusa då ulykka skjedde, men opplyser at han ikkje har førarkort.